Reglement for tildeling og bruk av elektroniske kommunikasjonstenester i Gloppen kommune

Reglementet er fastsett av administrasjonsutvalet den 14. april 2016, sak 3/16.

I: Omfang og alternativ

§ 1-1 Omfang og bakgrunn
Desse reglane gjeld for tilsette i Gloppen kommune og omfattar kjøp og bruk av elektroniske kommunikasjonstenester (EK-tenester). Reglane kan også gjerast gjeldande for folkevalde i Gloppen, men først etter særskilt vedtak om dette av kommunestyret.

§ 1-2 Skattepliktige EK-tenester
Kva som er meint med skattepliktige EK-tenester, kva som utløyser skatteplikt og korleis skattlegging skal gjerast, går fram av gjeldande skattereglar. Dei mest aktuelle EK-tenestene er telefon og breiband. Arbeidsgjevarbetalt PC og evt. utstyr til denne er etter dagens skattereglar ikkje skattepliktig EK-teneste ved bruk i teneste.

§ 1-3 Kommunal mobiltelefon
Bruk av kommunalt betalt mobiltelefon (også vakt-/beredskapstelefon) utløyser ikkje skatteplikt for brukar når telefonen berre blir brukt i arbeidstida, på tenestereise og ved sporadisk bruk, og elles lagt igjen på arbeidsplassen. Slike mobiltelefonar skal som hovudregel ikkje registrerast med namngjevne personar som brukar.

Tilsette som pga beredskap eller behov for å vere tilgjengeleg har avtale om å disponener kommunal mobiltelefon utanfor ordinær arbeidssituasjon, får skatteplikt etter gjeldande reglar. Slike telefonar skal som hovudregel registrerast med namngjevne personar som brukarar.

Tilsette som ikkje har kommunal mobiltelefon kan få refundert private ekstrautgifter for kommunal telefonbruk, etter spesifisert rekning frå mobileigar.

§ 1-4 Tildeling
Tildeling for bruk utanfor ordinær arbeidssituasjon og tildeling av andre EK-tenester blir gjort av rådmannen.

II: Iverksetting og praktisering

§ 2-1 Endringar og tolkingar
Endringar i dette reglementet skal gjerast av administrasjonsutvalet.

§ 2-2 Iverksetting m.m.
Reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same dato blir reglar for tildeling og bruk av mobiltelefon i Gloppen kommune, fastsette av rådmannen den 20. juni 2007, oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter