Reglement for kompensasjon ved tenestereiser og kurs

Reglementet er fastsette av administrasjonsutvalet den 14.april 2016, sak 003/16 og inngår som ein del av kommunen sitt arbeidsreglement.

I: Omfang og definisjonar

§ 1-1 Kvar reglane gjeld
Desse reglane gjeld for arbeid og reiser pålagt eller godkjent av den tilsette sin leirar. For undervisningspersonell gjeld staten sine reglar for arbeidstid på tenestereiser (utan elevar) fram til 30.04.2018.

Reglane, med unntak av § 2-1, gjeld ikkje for leiarar som er unnateke reglane om overtid etter arbeidsmiljølova § 10-12 (1) og som har kompensasjon i form av ekstra fridagar etter hovudtariffavtalen kap. 1, § 6.3.

§ 1-2 Godkjenning
Kurs og reising og dekking av utgifter i samband med dette skal avklarast med næraste leiar før påmelding.

§ 1-3 Definisjonar og forklaringar
Etter desse reglane er

  1. reisetid er den tida det tek å kome seg frå arbeidsstad/bustad til oppdragsstad. Opphald på hotell eller liknande blir ikkje rekna som reisetid
  2. tenestereiser er oppdrag (kurs, konferansar, representasjon, møte, prosjektdeltaking m m) som inngår i arbeidet der oppdragsplassen eller møtestaden ikkje er den vanlege arbeidsstaden
  3. pålagde kurs er kurs som arbeidstakar blir pålagt av leiar å delta på. Kurs og konferansar m m som arbeidstakar får godkjenning til å reise på i arbeidstida, blir behandla som pålagt kurs
  4. ordinær arbeidstid er den arbeidstida den tilsette til vanleg skal vere på jobb. For turnusstillingar er det vaktlengda den dagen som tel, for undervisningspersonalet er det den arbeidsplanfesta tida.

§ 1-3 Omrekning av reisetid til arbeidstid
Reisetida i ordinær arbeidstid blir fullt ut rekna som arbeidstid. Reisetida utanom ordinær arbeidstid blir rekna lik ½ arbeidstid. 

II: Utgiftsdekning og overtid

§ 2-1 Skyss- og kostgodtgjersle
Dekking av utgifter til skyss og kost i samband med tenestereiser og kurs blir utbetalt i samsvar med Statens reiseregulativ  Kommunen betalar som hovudregel ikkje kostgjodtgjersle for reiser innanfor kommunegrensa/tenesteområdet.

§ 2-2 Avspasering og overtid
Arbeid utover ordinær arbeidstid på tenestereiser og pålagde kurs m m på fridagar blir kompensert med avspasering time for time så lenge den faglege delen av kurset/konferansen m.m. varer. Evt. middag og sosialt samvær gjev ikkje rett til avspasering. Viss det ikkje er praktisk råd å avspasere, blir lønn utbetalt time for time utan overtidssats.

Overtid blir betalt på tenestereiser som inngår i det ordinære arbeidet, men ikkje for kurs og konferansar m m som blir kompensert med avspasering. Rett til overtidsbetaling skal klarerast med næraste leiar i samsvar med § 1-2 i desse reglane. Overtidstimane kan etter avtale avspaserast time for time, med utbetaling av avertidstillegget.

§ 2-3 Spesielle reglar for undervisningspersonalet
Reisetid utanom ordinær arbeidstid blir kompensert time for time, med avspasering eller utbetaling av timelønn (timesats i høve til 37,5 t/v). Første reisetime gjeld ikkje som arbeidstid. Reisetida utover ein time blir medrekna som arbeidstid. Reglane gjeld berre for tilsette i undervisningsstillingar, ikkje for rektorar, inspektørar og rådgjevarar.

III: Iverksetting og endringar

§ 3-1 Inverksetting og endring av reglane
Desse reglane gjeld frå vedtaksdato. Endringar i reglane skal gjerast av administrasjonsutvalet sjølv. Administrasjonsutvalet avgjer også med bindande verknad kva som gjeld ved eventuelle tolkingar av reglementet.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter