Reglement for arbeidsmiljøutvalet

Reglementet er fastsett av arbeidsmiljøutvalet den 29. juni 2015, sak 16/15, i medhald av arbeidsmiljølova (aml) § 7-1, jf hovudavtalen del B, § 6.

I: Heimel og val

§ 1-1 Heimel
Arbeidsmiljøutvalet er oppretta i medhald av aml § 7-1.

§ 1-2 Val og samansetning
Arbeidsmiljøutvalet er sett saman etter reglane i aml § 7-1(4) med tre medlemmer frå arbeidsgjevarsida og tre medlemmer frå arbeidstakarsida. Arbeidstakarorganisasjonane vel sine representantar i samsvar med Forskrift om organisering, leiing og medverknad § 3-9.

Hovudvernombodet skal vere ein av desse representantane.

Rådmannen skal alltid vere medlem i arbeidsmiljøutvalet. Han/ho peiker ut ein arbeidsgjevarrepresentant til. Den andre arbeidsgjevarepresentanten skal vere ein av dei fire folkevalde i administrasjonsutvalet. Utvalet peikar sjølv ut denne. I tillegg deltek ein representant frå bedriftshelsetenesta fast, men utan stemmerett (aml § 7-1 (4)).

Leiar- og nestleiarvervet skifter mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarsida kvart år.

Medlemmer av arbeidsmiljøutvalet blir valde for to år om gongen. Det blir valt vararepresentantar i prioritert rekkefølgje. Dersom eit utvalsmedlem sluttar i kommunen, opphøyrer vervet. Då går 1. varamedlem inn som fast medlem.

II: Arbeidsområde/arbeidsoppgåver

§ 2-1 Arbeidsområde/arbeidsoppgåver
Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet og følgje nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet. Utvalet kan opprette underutval.

Utvalet tek opp spørsmål på eige initiativ eller etter oppmoding frå verneombod eller andre aktørar. Den enkelte arbeidstakar kan også vende seg til utvalet med ei arbeidsmiljøsak. Arbeidsmiljøutvalet skal godkjenne verneområde og LAG (lokale arbeidsmiljøgrupper), samansettinga i desse gruppene og behandle rapportar frå LAG. Utvalet peikar kvart år ut ein arbeidstakar eller gruppe som får tildelt arbeidsmiljøpris av kommunestyret.

Arbeidsmiljøutvalet skal i samsvar med lovpålagde oppgåver (aml § 7-2, Forskrift om organisering, leiing og medverknad og Arbeidstilsynet si faktaside):

  • behandle spørsmål som vedkjem bedriftshelsetenesta og den interne vernetenesta.
  • behandle spørsmål om opplæring, instruksjon og opplysingsverksemd på område som har betydning for arbeidsmiljøet.
  • fastsette retningslinjer for introduksjon av nytilsette arbeidstakarar om verne- og miljøarbeidet og sjå etter at dei får opplæring så snart som muleg etter tilsetting.
  • behandle planar om nye lokale, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå arbeidstilsynet (aml § 18-9).
  • behandle andre planar som kan få vesentleg betydning for arbeidsmiljøet, som nye maskinar, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og førebyggande vernetiltak.
  • etablere, vedlikehalde og delta aktivt i verksemda sitt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Utvalet deltek i kartleggingar, utarbeider handlingsplanar/handlingsprogram og gir råd i forhold til prioriteringar og tiltak.
  • vurdere helse- og velferdsaspekt knytt til arbeidstidsordningar.
  • gjennomgå alle rapportar om ulykker, nestenulykker og sjukdom som kan skuldast arbeidsmiljøet. Utvalet har fokus på årsak til hendingane og ser til at arbeidsgjevar gjer det som er nødvendig for å hindre gjentaking.
  • gjennomgå alle rapporter om yrkeshygieniske undersøkingar og måleresultat.
  • behandle spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne.
  • utarbeide ein årsrapport om arbeidet i arbeidsmiljøutvalet til kommunestyret og abeidstakarorganisasjonane.

III: Spesielle funksjonar

§ 3-1 Underutval til arbeidsmiljøutvalet
Gloppen kommune har ei eiga HMS-gruppe. HMS-gruppa fungerer også som AKAN-utval og særskild sjukefråværsgruppe.

IV: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat

§ 4-1 Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat
Det skal normalt haldast minst fire møte for året. Dersom minst to utvalsmedlemmer krev det, skal arbeidsmiljøutvalet halde møte. Utvalet skal drøfte sakene dei behandlar, først med sikte på å oppnå semje. Dersom dei ikkje kjem fram til ei løysing, skal det stemmast over saka.

Utvalet sin valde leiar er møteleiar. Ved forfall fungerer leiar på den andre sida (arbeidsgjevar-/arbeidstakarsida). Om begge har forfall, blir det valt møteleiar blant utvalet sine faste medlemmer.

Frist for å melde saker/tema er 14 dagar før fastsett møtedato.

Innkalling med sakliste og sakspapir skal sendast ut seinast fem dagar før møtet.

Møta i arbeidsmiljøutvalet er lukka.

§ 4-2 Sekretær
Rådmannen peiker ut sekretær* for arbeidsmiljøutvalet, som har møteplikt, tale og forslagsrett på utvalet sine møte. Sekretæren er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreidd, at det ligg føre tilråding i saka og at arbeidsmiljøutvalet sine vedtak blir iverksette.

* Personalsjefen er utpeika.

§ 4-3 Teieplikt
Medlemmer i utvalet har teieplikt i samsvar med gjeldande lovverk.

V: Iverksetting m m

§ 5-1 Iverksetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (29. juni 2015). Frå same dato blir prosedyre for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen, vedteke den 29.11.2011, oppheva.

§ 5-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av arbeidsmiljøutvalet.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter