Reglar for velferdstiltak m m for tilsette i Gloppen kommune

Fastsette av rådmannen den 19. juni 2008. Beløpa i § 2-1 er oppjusterte etter konsumprisindeksen den 15. desember 2016, og gjeld frå 2017.

Det skal ikkje gjevast gåve eller merksemd i pengar. Dette vart bestemt på leiarmøtet den 28. janaur 2014. 

I: Omfang og formålet med reglane

§ 1-1 Omfang
Desse reglane gjeld for alle tilsette i Gloppen kommune. For tilsette med kortare arbeidstid, gjeld reglane så langt det passar.

§ 1-2 Formålet med regelverket
Formålet med reglane er å sikre at tilsette - så langt som råd - blir behandla på ein likeverdig måte når det gjeld ytingar m m som arbeidsgjevar betalar for. Med ytingar er her ikkje meint lønn og anna godtgjersle til den enkelte.

§ 1-3 Dekking av utgifter
Kostnadene med dei tiltaka som er omtala i desse reglane skal dekkast av den avdeling der vedkomande er, eller var sist tilsett. 

II: Gåver og heider for lang teneste

§ 2-1 Gåve når tilsette sluttar
Tilsette som sluttar etter lang teneste for Gloppen kommune skal få ei gåve frå kommunen etter desse reglane:

a. Etter 30 års teneste, eller meir, ei gåve til ein verdi av om lag kr 5.400,-

b. Etter kortare tenestetid enn 30 år: ei gåve etter denne skalaen:
- 20-30 år, om lag kr 3.000,-
- 10-20 år, om lag kr 1.800,-

c. Tilsette som sluttar etter kortare tid får blomster

d. Overrekkinga av gåvene skjer etter nærare avtale med den det gjeld. For alle som har vore tilsette i meir enn 10 år, bør det leggast til rette for ei verdig markering ved overrekkinga

e. Rådmannen avgjer om det skal visast spesiell merksemd frå kommunen si side når leiarar sluttar etter kortare tenestetid enn 10 år. Er det rådmannen sjølv som sluttar, ligg avgjerdsretten til ordføraren.

Kronebeløpa i denne paragrafen blir regulerte etter endringane i konsumprisindeksen kvart femte år, første gong ved årsskiftet 2011/2012. Utgangspunktet for regulering av beløpa er indeksen per 15. desember 2007.

§ 2-2 Overrekking av heidersteikn
Tilsette som får tildelt KS sitt heidersteikn etter 25 års kommunal teneste, eller andre heidersteikn knytt til arbeidet i kommunal teneste, får dette utdelt av vedkomande sin avdelignsleiar, evt. etatssjef. Utdelinga skjer etter nærare avtale med den det gjeld, vanlegvis på ei personalsamling.

III: Velferdstiltak

§ 3-1 Velferdstiltak
Gloppen kommune dekkjer utgifter til velferdstiltak for tilsette med inntil kr 100 per arbeidstakar per år. Utgiftene skal dekkjast innafor ramma av budsjettet, og kan brukast til ulike interne arrangement, slik som blåturar eller andre velferdstiltak.

IV: Merksemd ved dødsfall og gravferd

§ 4-1 Merksemd ved dødsfall
Dersom tilsette døyr, legg kommunen på krans med sløyfe i gravferda, og det blir flagga på halv stong på vedkomande si avdeling og på heradshuset gravferdsdagen. Kransen blir vanlegvis lagt på av næraste overordna.

§ 4-2 Tidlegare tilsette
Den etatsjefen det gjeld avgjer om kommunen skal vise merksemd i gravferder for tidlegare tilsette som ikkje var i arbeid ved dødsfallet. I slike tilfelle blir det som hovudregel ikkje flagga på halv stong på heradshuset.

§ 4-3 Fri for å delta i gravferd 
Avdelingsleiar gjev kollegaer av den avdøde fri med lønn for å delta i gravferda, jfr også kommunen sitt permisjonsreglement.

V: Iverksetting m m

§ 5-1 Iverksetting og oppheving av anna regelverk
Desse reglane gjeld frå fastsettingsdato. Frå same dato blir "Reglement for tildeling av gåver og merksemd for tilsette" vedteke av kommunestyret i sak 27/87 og sist revidert av administrasjonsutvalet i sak 135/95, oppheva, jfr. kommunestyresak 11/08.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter