Reglar for dekking av flytteutgifter

Reglane vart vedtekne av administrasjonsutvalet den 4. mars 1991. Beløpa i § 2 er regulerte etter konsumprisindeksen per 15. desember 2015 og gjeld for 2016.

§ 1 Omfang
Reglementet gjeld for tilsette i heile stillingar i Gloppen kommune, faste eller vikariat med stipulert tenestetid meir enn 1 år.

§ 2 Utrekning av flyttegodtgjersle
Legitimerte flytteutgifter blir dekka med følgjande maksimumstakstar etter flyttedistanse:
- Inntil 100 km,       kr 5.320,-
- 101 - 250 km,       "  6.770,-
- 251 - 500 km,       " 11.110,-
- 501 - 750 km,       " 13.610,-
- 751 - 1.000 km,    " 15.730,-
- 1.001 - 2.001 km, " 20.350,-.

Beløpa blir korrigerte ein gong for året etter konsumprisindeksen.

§ 3 Bindingstid
Arbeidstakarar som får flyttegodtgjersle til fast stilling, får ei bindingstid på 2 år i kommunen. Dersom vedkomande sluttar før den tid, må ein høvesvis del av godtgjersla betalast tilbake.

Tilsvarande reglar gjeld for engasjert personell med utbetalt flyttegodtgjersle og som sluttar i kontraktsperioden.

§ 4 Tolking og administrering av reglementet
Administrasjonsutvalet avgjer spørsmål om tolking av reglementet. Utbetaling av flyttegodtgjersle blir gjort av aktuell etat.

Reglane blir administrert av rådmannen.

---

Utbetaling av flyttegodtgjersle skal dekkast av eige budsjett.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter