Permisjonsreglement for Gloppen kommune

Fastsett av administrasjonsutvalet den 14.april 2016, sak 003/16.

* sist endra av administrasjonsutvalet 31. mai 2018, sak 009/18.

Reglementet inngår som ein del av arbeidsreglementet for tilsette i Gloppen kommune.
 

Kap. I Generelle reglar, sakasbehandling og klage

§ 1-1 Kvar og kva reglementet gjeld
Dette reglementet har same virkområde som kommunen sitt arbeidsreglement, og kjem i tillegg til permisjonsreglane som følgjer av hovudavtalen, hovudtariffavtalen,arbeidsmiljølova og folketrygdlova 

Fråvær som skuldast pålegg frå arbeidsgjevar er ikkje permisjon etter dette reglementet.

§ 1-2 Saksbehandling
Søknad om permisjon eller melding om fråvær skal behandlast av næraste leiar. Permisjonssøknader som kan ha noko å seie for tilsettingsforholdet (over ein månad), skal behandlast i vedkomande si personalmappe. Andre permisjonssøknader blir behandla direkte gjennom kommunen sitt lønns- og fråværssystem.,

Kap. II Permisjon og lønnsansiennitet m m

§ 2-1 Utdannings- og opplæringspermisjonar
Desse reglane kjem i tillegg til rettar som følgje av lov og forskrift.

a) Opplæringstiltak etter kompetanse- og rekrutteringsplan  og sektorvise kompetanseplanar
Permisjon for å ta utdanning/opplæring på område som er prioriterte i desse planane, skal som hovudregel gjevast med heil eller delvis lønn og utgiftsdekking. Slik permisjon skal avtalast på førehand. I samband med gjennomføring av eksamen blir det gjeve permisjon med lønn for 1 eksamensdag samt 2 lesedagar før kvar eksamen. Ved eksamensformer som varer i 3 samanhengande dagar eller meir kan det gjevast utvida fri med lønn til 4 dagar for 30 studiepoeng eller meir, alternativt 5 dagar for 60 studiepoeng eller meir. Fri utover dette kan gjevast utan lønn.

Permisjon med lønn og/eller utgiftsdekning fører til bindingstid dersom summen av utbetalt lønn/utgiftsdekning i permisjonstida utgjer ein månads lønn eller meir. Minimumsbindingstid er eitt år, maksimum to år. Blir arbeidstilhøvet avslutta i bindingstida, skal stønadssummen tilbakebetalt høvesvis.

b) Andre opplærings-/utdanningstiltak
Permisjon for slike tiltak kan gjevast utan lønn.

c) Opplæringstiltak for tillitsvalde
Permisjon til slike tiltak blir gjeve i samsvar med vedtaket om kommunen sin tillitsvaldstruktur.
§ 2-2 Permisjon i samband med sjukdom m m, barn og nære pårørande
Fråvær som følgje av eigen sjukdom blir som hovudregel ikkje rekna som permisjon. Dersom sjukdommen fører til fråvær utover eitt år, skal arbeidsforholdet vidare avklarast i samsvar med kommunen sine rutinar for oppfølging av sjukmelde.

Ved permisjon knytt til omsorg av barn og nære pårørande gjeld reglane i kap. 12 i arbeidsmiljølova og § 8 i fellesreglane i hovudtariffavtalen. Permisjon etter § 12-10 i arbeidsmiljølova skal som hovudregel gjevast utan lønn. 

Redusert avbeidstid som følgje av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar i medhald av § 10-2 (4) i arbeidsmiljølova skal som hovudregel avgrensast til maksimalt eitt år om gangen, og til totalt tre år for same årsak.

§ 2-3 Permisjon for utføring av tillitsverv
a) Kommunale og andre offentlege tillitsverv
Med offentlege tillitsverv er meint verv i organ som er oppretta ved lov eller med heimel i lov, her under domsmenn, skjønnsmenn og rettsvitne. Nominasjonsmøte i samband med stortings-, fylkestings- eller kommuneval blir i denne samanhengen rekna som eit slikt organ.

Arbeidstakar som er vald til slikt ombod får permisjon med lønn inntil 12 dagar per kalenderår i samband med utøving av vervet dersom dette ikkje kan gjerast utanom arbeidstida. Permisjon utover desse dagane blir gitt utan lønn.

Arbeidstakar som blir vald til stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentleg tillitsverv på heiltid, får permisjon utan lønn i valperioden. For offentlege tillitsvalde på deltid blir det innvilga permisjon med høvesvis redusert lønn.

b) Tillitsverv i arbeidstakarorganisasjon
Kven som blir omfatta av dette, og kva reglar som gjeld, går fram av vedtaket om kommunen sin tillitsvaldstruktur og hovudavtalen, del B, § 3-5.

c) Andre tillitsverv
For utføring av andre tillitsverv på fylkes- eller landsnivå kan det bli innvilga permisjon etter ei konkret vurdering på inntil 12 dagar per kalenderår. Slik permisjon skal som hovudregel gjevast utan lønn.

§ 2-4 Permisjon ved overgang til ny stilling
a) I kommunen
Ved overgang til anna stilling i kommunen er det ikkje nødvendig å søkje om permisjon. Spørsmålet om eventuell permisjon skal avgjerast som ein del av tilsettingssaka.

b) Utanfor kommunen
Som hovudregel blir det ikkje gjeve permisjon i samband med overgang til ny stilling utanfor kommunen. Etter ei konkret vurdering kan det gjerast unntak frå denne regelen, men då avgrensa til 12 månaders permisjon. 

§ 2-5 Permisjon ved deltaking i hjelpekorps m m
Arbeidstakarar som er knytte til hjelpekorps, sivilforsvaret, brannvesenet eller liknande får permisjon med lønn i samband med utrykkingar ved redningsaksjonar.

Reglar om permisjon og lønn i samband med utøving av verneplikt går fram av § 12-12 i arbeidsmiljølova og § 9 i fellesreglane i hovudtariffavtalen.

§ 2-6 Velferdspermisjonar
Med velferdspermisjon er meint fri frå arbeid for å ivareta personlege forhold som ikkje er knytt til arbeidet og som ikkje er omfatta av dei andre permisjonsreglane i dette reglementet.

I samsvar med § 14.1 i hovudtariffavtalen kan velferdspermisjon gjevast med lønn i inntil 12 arbeidsdagar kvart kalenderår, evt 24 dagar med halv lønn kvar år. Fri utover 12 dagar kan bli gitt som permisjon utan lønn. 


Velferdspermisjon med lønn kan bli innvilga innanfor følgjande rammer:
a) Tilvenning av barn i barnehage og 1. klasse i grunnskulen: Inntil 3 dagar
b) Eige bryllaup: Inntil 2 dagar
c) Husbygging og istandsetting av eige hus/husvære: Inntil 2 dagar
d) Dødsfall, gravferd i næraste familie (ektefelle/sambuar, barn, barnebarn, søsken, foreldre/svigerforeldre og besteforeldre): Inntil 3 dagar, eventuelt med tillegg for nødvendige reisedagar
e) Permisjon med lønn til andre velferdsføremål enn dei som her er lista opp, kan likevel avtalast dersom det er rimeleg grunn for dette.
 

Undersøking og behandling av lege, tannlege, fysioterapeut eller liknande skal så langt det er råd leggjast til fritida. Den tilsette skal prøve å byte time, byte vakt/arbeidsdag eller nytte fleksitid, avspasering eller innarbeiding av tid. Leiar skal legge til rette for dette.

Dersom dette ikkje let seg gjere og fråværet ikkje medfører særleg ulempe, kan det gjevast velferdspermisjon med lønn. Dersom den tilsette ut frå timeavtale, innkalling og reisetid kan gå på jobb før og etter undersøking, skal vedkomande møte på jobb. Fri med lønn vert berre gjeve for det tal timar som er nødvendig. *

* Endra av administrasjonsutvalet 31. mai 2018


§ 2-7 Andre ulønna permisjonar
a) Nødvendig følgje av eigne barn eller andre familiemedlemmer til og frå lege, tannlge og helseinstitusjon m.m. som ikkje er omfatta av reglane for eigenmelding. For eventuell erstatning av tapt arbeidserstatning gjeld reglane i folketrygdlova og sjuketransportforskrifta §10.
b) For feiring av religiøse høgtidsdagar for arbeidstakarar som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja gjeld reglane i § 27 A i lov om trudomssamfunn og ymist anna.
c) Det kan også innvilgast permisjon utan lønn for andre permisjonsbehov når det ligg føre tungtvegande grunnar og omsynet til tenesta tillet det.

§ 2-8 Lønn, lønnsansiennitet og pensjon
Vilkåra for permisjon skal avklarast ved svar på permisjonssøknaden viss dette er praktisk råd. Ved permisjon med lønn blir vedkomande si ordinære fastlønn utbetalt på vanleg måte.

Permisjon med heil eller delvis lønn avbryt ikkje oppteninga av lønnsansienniteten. Det same gjeld sjuke- og svangerskapspermisjon inntil eitt år, avtening av verneplikt og permisjon for å utføre offentlege ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonane. Utdanningspermisjon utan lønn gir lønnsansiennitet for inntil eitt år dersom utdanninga har verdi for vedkomande sitt arbeid i kommunen. Ulønna permisjon elles på inntil ½ år fører ikkje til frådrag i lønnsansienniteten.

Permisjonar utan lønn som varer lengre enn ein månad fører til automatisk utmelding av pensjonsordningane (i Kommunal Lands Pensjonskasse og Statens Pensjonskasse). Vedkomande arbeidstakar vil då få tilbod frå pensjonskassene om å teikne frivillig medlemskap i pensjonsordninga. Elles vil all permisjon utan lønn påvirke pensjonsoppteninga sidan det er faktisk lønn for det enkelte kvartal som blir innmeldt.

Kap III: Endringar, tolkingar og iverksetting

§ 3-1 Endringar og tolkingar
Endringar i dette reglementet skal gjerast av administrasjonsutvalet sjølv. Administrasjonsutvalet avgjer også med bindande verknad kva som gjeld ved eventuelle tolkingar av reglementet.

§ 3-2 Iverksetting m m
Reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir permisjonsreglementet vedteke av kommunestyret den 15. desember 1997, med seinare endringar, oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter