Instruks for sektorleiarane i Gloppen

Fastsett av rådmannen, sist ajourført den 6. september 2019. 

I: Omfang og organisatorisk plassering

§ 1-1 Omfang
Denne instruksen gjeld for desse stillingane: organisasjonssjefen, oppvekstsjefen, helse- og omsorgssjefen, kultursjefen og teknisk sjef.

§ 1-2 Organisatorisk plassering
Sektorleiarane er direkte underlagt rådmannen og utgjer saman med rådmannen, personalsjefen, økonomisjefen og næringssjefen rådmannen si leiargruppe.

II: Hovudoppgåver

§ 2-1 Leiaransvar
Sektorleiarane har som medlemmer av rådmannen si leiargruppe eit overordna administrativt og fagleg ansvar for drifta og utviklinga av Gloppen kommune og i tillegg eit spesielt leiaransvar for sin sektor.

Som leiar i Gloppen kommune er det sektorleiarane sitt ansvar å aktivt arbeide for å oppnå kommunen si målsetting for kommuneleiinga om:
- ei synleg og forståeleg styring av kommunene
- i kvalitativ god og målretta tenesteyting
- ei utnytting av kommunen sin samla kompetanse som kjem fellesskapet til gode
- ein god kvalitet på økonomistyring, saksbehandling og internkontroll.

§ 2-2 Hovudoppgåver
Sektorleiarane si hovudoppgåve som leiar er å syte for at innbyggarane i Gloppen får god service ved å oppretthalde og utvikle ein organisasjon som får fram det beste i medarbeidarane, og som til ei kvar tid utnyttar ressursane så godt som råd.

III: Spesielle oppgåver

§ 3-1 Generelt
Sektorleiarane er leiar og fagansvarleg for sine sektorar og har rådmannen si fullmakt til å gjere vedtak i alle kurante saker i sin sektor der denne fullmakta ikkje er lagt til eingsleiarane eller servicetorget. Den enkelte sine fullmakter går fram av kommunen sitt delegeringsreglement.

Sektorleiarane møter i folkevalde organ når rådmannen ber om det.

§ 3-2 Spesielt om organisasjonssjefen
Organisasjonssjefen har som leiar for fellestenestene i Gloppen kommune det daglege administrative og økonomiske ansvaret for drift og utvikling desse sentrale fellesfunksjonane:
- arkivtenesta
- IKT
- plan- og utgreiingsavdelinga
- servicetorget
Kvar av desse funksjonane/tenestene ein fagleg ansvarleg for si teneste.

Organisasjonssjefen er fungerande rådmann i Gloppen kommune når rådmannen er fråverande.

§ 3-3 Spesielt om teknisk sjef
Teknisk sjef er fungerande rådmann i Gloppen kommune når både rådmannen og organisasjonssjefen er fråverande.

IV: Særskilde reglar

§ 4-1 Teieplikt/opplysningsplikt
Sektorleiarane har teieplikt og opplysningsplikt i samsvar med gjeldande lovreglar.

§ 4-2 Iverksetting og endringar
Instruksen gjeld frå fastsettingsdato.

Sektorleiarane pliktar å rette seg etter dei endringane i instruksen som blir fastsette av rådmannen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter