Instruks for einingsleiarane i Gloppen

Fastsett av rådmannen, sist ajourført 6. september 2019.

 

I: Omfang og organisatorisk plassering

§ 1-1 Omfang
Denne instruksen gjeld for einingsleiarane i Gloppen kommune. Kven som er einingleiar, går fram av det administrative organisasjonskartet.

§ 1-2 Organisatorisk plassering
Einingsleiarane er direkte underlagt sektorleiar og utgjer saman med denne sektoren si leiargruppe.

II: Hovudoppgåver

§ 2-1 Leiaransvar
Einingsleiarane er administrative og faglege leiarar for si eining og arbeidsgjevar sin representant og overordna alle tilsette knytte til eininga. Som leiar i Gloppen kommune har einingsleiarane ansvar for å arbeide aktivt for å nå målsettinga for den administrative kommuneleiinga, som er
- ei synleg og forståeleg styring av kommunene
- i kvalitativ god og målretta tenesteyting
- ei utnytting av kommunen sin samla kompetanse som kjem fellesskapet til gode
- ein god kvalitet på økonomistyring, saksbehandling og internkontroll.

§ 2-2 Hovudoppgåver
Einingsleiarane sine hovudoppgåver er å leie, planleggje, følgje opp og utvikle tenesta i si eining. Einingsleiarane skal halde sektorleiar orientert om alle viktige tilhøve innan sitt arbeids- og ansvarsområde. Den enkelte sine fullmakter går fram av kommunen sitt delegeringsreglement.

III: Spesielle oppgåver

§ 3-1 Generelt
Einingsleiarane skal gjere sjølvstendige prioriteringar innanfor sitt ansvarsområdet. Dersom det er nødvendig, skal dette gjerast i samråd med sektorleiar.

Einingsleiarane har innanfor sitt arbeids- og ansvarsområde ansvaret for:
- Det totale tilbodet som blir gjeve til brukarane
- Økonomistyring og budsjettarbeid
- Saksbehandling og tildeling av tenester
- Å nytte ut personalressursane optimalt etter personalet sine kvalifikasjonar og kompetanse
- Å planleggje og utvikle det tilbodet til brukarane/pasientane
- Å utvikle og bruke IKT-systema
- Å følgje opp og ta ansvar for delegerte oppgåver
- Å ta initiativ til tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid
- Å vere tydleg, synleg og tilgjengeleg for medarbeidarane
- Å utvikle gode relasjonar i og utanfor eige ansvarsområde.

Einingsleiarane møter i folkevalde organ når rådmannen eller sektorleiar ber om det.

IV: Særskilde reglar

§ 4-1 Ved fråvær
Ved eige fråvær skal einingsleiarane syte for at saker som hastar blir tekne hand om.

§ 4-2 Teieplikt/opplysningsplikt
Einingsleiarane har teieplikt og opplysningsplikt i samsvar med gjeldande lovreglar.

§ 4-3 Iverksetting og endringar
Instruksen gjeld frå fastsettingsdato.

Einingsleiarane pliktar å rette seg etter dei endringane i instruksen som blir fastsette av rådmannen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter