Reglement for finans- og gjeldsforvaltning

Fastsett av kommunestyret i sak 52/18, den 26. september 2018, som også er iverksettingsdato, jfr. pkt 2 i reglementet. 

1. Formål og omfang
2. Heimel og iverksetting
3. Forvaltning og forvaltningstypar
4. Formålet med kommunen si finans- og gjeldsforvaltning
5. Generelle rammer og avgrensingar
6. Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsformål
7. Forvaltning av gjeldsportefølje og finansieringsavtaler
8. Forvaltning av langsiktige finansielle aktiva
9. Rapportering
10. Kvalitetssikring

 

1. Formål og omfang

Formålet med reglementet
Reglementet gjev ei samla oversikt over dei rammer og avgrensingar som gjeld for kommunen si finansforvaltning. Tilhøyrande fullmakter, instruksar og/eller rutinar skal vere heimla i reglementet. Reglementet definerer dei avkastnings- og risikonivå som er akseptable for plassering og forvaltning av likvide midlar og midlar rekna til driftsformål, opptak av lån og gjeldsforvaltning og plassering og forvaltning av langsiktige finansielle aktiva.

Kven reglementet gjeld for
Reglementet gjeld for Gloppen kommune. Reglementet gjeld også for verksemd i kommunale føretak etter kommunelova kapittel 11 og interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27. I den grad desse verksemdene har eiga finansforvaltning, skal denne skje i samsvar med dette reglementet.

2. Heimel og iverksetting

Heimel
Dette reglementet er utarbeidd med heimel i § 2 i forskrift om kommuners og fylkeskommuners si finans- og gjeldsforvaltning, heretter omtala som finansforskrifta.

Iverksetting
Reglementet gjeld frå vedtakstidspunktet. Frå same tidspunkt blir reglement for finansforvaltning vedteke av kommunestyret 14. juni 2010 oppheva.

3. Forvaltning og forvaltningstypar

I samsvar med finansforskrifta, skal reglementet omfatte forvaltninga av alle kommunen sine finansielle aktiva (plasseringar) og passiva (renteberande gjeld). Gjennom dette finansreglementet er det vedteke målsettingar, strategiar og rammer for:

  • forvaltning av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsformål
  • forvaltning av kommunen sin gjeldsportefølje og andre finansieringsavtalar (finansiell leasing)
  • plassering og forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva
  • forvaltning av ledig likviditet (kap 6), gjeldsportefølje (kap 7) og langsiktige finansielle aktiva (kap 8).

4. Formålet med kommunen si finans- og gjeldsforvaltning

Finansforvaltninga har som overordna formål å sikre ei god avkastning samt stabile og lave netto finansieringskostnader for kommunen sine aktivitetar innanfor definerte risikorammer. Desse delmåla gjeld:

  • Kommunen skal til ei kvar tid ha likviditet til å dekke sine forpliktingar
  • Plassert overskotslikviditet skal over tid gje ei god og konkurransedyktig avkastning innanfor definerte krav til likviditet og risiko, der det blir teke omsyn til tidsperspektivet på plasseringane
  • Lånte midlar skal over tid gje så lav totalkostnad som råd innanfor definerte krav til refinansieringsrisiko og renterisiko, der det også blir teke omsyn til langsiktig kontroll på lånekostnadene
  • Forvaltning av langsiktige finansielle aktiva skal gje ei god langsiktig avkastning til akseptabel risiko.

5. Generelle rammer og avgrensingar

Kommunen har finansiell risiko på plasseringar og lån av midlar. Finansiell risiko er det usikre med at framtidig verdi på plasseringar og forpliktingar kan endre seg i forhold til verdien på plasseringstidspunktet. Graden av risiko og avkastning heng i hop: ved høgare avkastningskrav må det normalt leggast til grunn større finansiell risiko.

Kommunestyret fastset i dette reglementet kva som er tilfredsstillande avkastning og vesentleg finansiell risiko, jfr. kommunelova § 52. Reglementet byggjer på kommunen sin eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument. Kommunestyret tar stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltninga, her under kva som skal reknast som langsiktige finansielle aktiva. Rådmannen har ei sjølvstendig plikt til å greie ut og leggje fram saker for kommunestyret som er av prinsipiell karakter.

Rådmannen skal vurdere om dei ulike rammene og avgrensingane i reglementet til ei kvar tid er tilfredsstillande, og om desse på ein klar og tydeleg måte sikrar at finansforvaltninga blir utøvd forsvarleg i forhold til dei risikoar kommunen er eksponert for.

Finansielle instrument og/eller produkt som som det er lov å bruke, skal vere omtala i dette reglementet. Konkrete rammer for forvaltning av kommunen sine midlar til driftsformål, gjeldsporteføljen og langsiktige finansielle aktiva er omtalt i dette reglementet kvar for seg. Ved plassering av kommunen sine midlar skal det takast omsyn til etiske krav, jfr. kap 8.3 i reglementet.

5.1 Fullmakt til rådmannen

Rådmannen har fullmakt til å inngå alle avtalar som er heimla i dette reglementet. Rådmannen utarbeider nødvendige fullmakter, instruksar og/eller rutinar for dei enkelte forvaltningsformer innanfor rammene i dette reglementet.

Spesielt om kommunale garantiar
Rådmannen har fullmakt til å signere kommunale garantiar som er gjevne av kommunestyret.

6. Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar rekna for driftsformål

Kommunen sine midlar til driftsformål (ledig likviditet) kan plasserast i bankinnskot i norske kroner.

Rådmannen1) kan inngå rammeavtale for å ivareta kommunen sitt løpande behov for banktenester. Ved val av hovudbank skal det stillast krav om minimum internasjonal kredittrangering A, eller tilsvarande kredittvurdering. Det kan gjerast avtale om trekkrettar.

1) Rådmannen si fullmakt er delegerte til økonomisjefen.

Ledig likviditet og andre midlar til driftsformål, utover det som trengst til dekning av kommunen sine løpande forpliktingar, fråtrekt utrekna innbetalingar dei nærmaste 3 månadene, kan plasserast etter desse retningslinjene:

6.1. Innskot i bank

For bankinnskot gjeld desse avgrensingane:

  • Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode på meir enn 6 månader
  • Eit enkelt innskot med tidsbinding kan ikkje utgjere meir enn 20 mill. norske kroner.

6.2. Felles plasseringsavgrensingar

Kommunen sine samla innskot i ein enkeltbank/kredittinstitusjon skal ikkje overstige 2 % av institusjonen sin forvaltningskapital.

7. Forvaltning av gjeldsportefølje og finansieringsavtalar

7.1. Opptak av lån og refinansiering av eksisterande lån

Kommunestyret gjer vedtak om opptak av lån, som hovudregel i samband med årsbudsjettet. Slikt vedtak skal som minimum innehalde storleiken på lånet.

Med utgangspunkt i kommunestyret sitt vedtak gjer rådmannen1) låneopptak og godkjenner lånevilkåra. Rådmannen1) forvaltningar  kommunen sine innlån etter dei retningsliner som går fram av dette reglementet, og i tråd med reglane i kommunelova § 50 om låneopptak.

Rådmannen1) har innafor rammene i dette reglementet fullmakt til å ta opp lån til refinansiering av eksisterande lån, og til å godkjenne nye rentevilkår på forfalne renteavtalar på eksisterande lån.

1) Rådmannen sine fullmakter er delegerte til økonomisjefen.

7.2. Val av låneinstrument

Det kan berre takast opp lån i norske kroner. I tillegg gjeld:

  • Lån skal takast opp som direkte lån i offentlege og private finansinstitusjonar og livselskap. Det kan også takast opp lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden.
  • Lån kan takast opp som opne seriar (rammelån) og utan avdrag (bulletlån).
  • Finansiering kan også skje gjennom finansiell leasing.

7.3. Tidspunkt for låneopptak

Låneopptaket skal vurderast opp mot likviditetsbehovet, vedteke investeringsbudsjett, forventningar om framtidig renteutvikling og generelle forhold i marknaden.

7.4. Konkurrerande tilbod

Låneopptak skal gjerast på så gunstige vilkår som råd. Det skal normalt hentas inn minst to konkurrerande tilbod frå aktuelle långjevarar. Det kan gjerast unnatak frå dette i situasjonar der kommunen vel å leggje ut sertifikat- eller obligasjonslån gjennom å gje ein tilretteleggjar eit eksklusivt mandat. Prinsippet kan også fråvikast ved låneopptak i statsbank (t.d. ved startlån i Husbanken).

7.5. Val av rentebindingsperiode – bruk av sikringsinstrument

Låneportefølgjen skal styrast slik at kommunen oppnår så lav og føreseieleg renteutgift som råd. Forvaltninga skal leggast til grunn:

  • Refinansieringsrisikoen (risikoen for at vi ikkje får teke opp nytt lån når eit lån forfell) skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall
  • Rentevilkåra skal kontinuerleg følgjast opp for å vurdere binding til fastrente
  • Minimum 1/3 av gjeldsportefølgjen skal ha flytande rente (rentebinding kortare enn eitt år), minimum 1/3 skal ha fast rente og resten skal vurderast ut ifrå marknadssituasjonen
  • Ved fastrenteavtalar skal renterisikoen reduserast ved å spreie tidspunkta for renteregulering
  • Risikoen for framtidig utvikling i rentenivået skal vektleggast ved val av rentebindingsperiode.

7.6. Storleik på enkeltlån – fordeling av låneopptak

Forvaltninga skal elles legge til grunn:

  • Låneporteføljen skal vere samansett av så få lån som råd, men likevel slik at refinansieringsrisikoen ved ordinære låneforfall blir lav
  • Enkeltlån skal ikkje utgjere meir enn 30 % av kommunen sin samla låneportefølje
  • Under elles like forhold er det formålstenleg at kommunen fordeler låneopptaka på fleire lånegjevarar.

8. Forvaltning av langsiktige finansielle aktiva

Langsiktige finansielle aktiva er fondsmidlar som kan plasserast i 3-5 år. 

8.1 Formål

Forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva har som formål å sikre ei langsiktig avkastning som kan bidra til å gje innbyggjarane i kommunen eit så godt tenestetilbod som råd.

8.2 Plassering

Gloppen kommunestyre avgjer all plassering av langsiktig finansiell aktiva. Ved vedtak om slik plassering skal desse kriteria alltid vurderast:

  • tryggleik for midlane
  • risikospreiing
  • likviditet
  • avkastning.

8.3 Grøn forvaltning og etiske retningslinjer

Gloppen kommune har ikkje eigne reglar for grøn forvaltning og etiske retningslinjer for plassering av fondsmidlar. I aktuelle tilfelle brukar kommunen "Retningslinjer for KLP som ansvarlig investor". 

9. Rapportering

Rådmannen skal rapportere status for kommunens finans- og gjeldsforvaltning til kommunestyret i samsvar med § 6 i finansforskrifta. Tidspunktet for rapportering blir tilpassa rapporteringa etter kommunen sitt økonomireglement.

Av finansforskrifta § 7 skal rapporten minimum innehalde følgjande:

  • Omtale og vurdering av kommunen sin finansielle risiko
  • Omtale av korleis aktiva og passiva er samansette
  • Marknadsverdi for aktiva, både samla og for kvar gruppe aktiva
  • Verdien for passiva, både samla og for kvar gruppe av passiva. I tillegg skal rapporten opplyse om løpetida for passiva, og om verdien av lån som forfell og må refinansierast innan 12 månader
  • Omtale av vesentlege marknadsendringar og endringar i kommunen sin finansielle risiko, og det skal gjerast ei vurdering av dette. I tillegg skal rapporten innehalde ein omtale av aktuelle marknadsrenter og kommunen sine eigne rentevilkår
  • Eventuelle avvik mellom krava i finansreglementet og den faktiske forvaltninga.

10. Kvalitetssikring

Finansforskrifta krev i § 5 at kommunestyret skal la uavhengig kompetanse vurdere om finansreglementet legg rammer for ei finansforvaltning som er i samsvar med kommunelova sine reglar og reglane i finansforskrifta.

Reglementet er vurdert og kvalitetssikra av Kommunerevisjonen i Nordfjord i brev av 11. juli 2018 (PDF, 445 kB).

Etter § 8 i finansforskrifta skal rutinane for finans- og gjeldsforvaltninga vurderast av ein uavhengig instans med kunnskap om finans- og gjkeldsforvaltning. Viss ikkje anna blir bestemt, skal denne vurderinga gjerast av Kommunerevisjonen i Nordfjord.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter