Fondsreglement for Gloppen kommune

Fondsreglementet vart vedteke av kommunestyret den 29. april 2002, sak 20/02.

1. Omfang
Dette reglementet omfattar forvaltning av kommunen sine faste fond, som er:
- Kapitalfondet
- Konsesjonsavgiftsfondet.

Det er eigne reglar for kommunen sitt næringsfond og for landbruksfondet.

2. Generelt
Kapitalfondet og konsesjonsavgiftsfondet er fond som berre kan nyttast til finansiering av kommunal verksemd.

Kommunen sine fond kan berre brukast etter særskilt vedtak av fondsstyret.

3. Kapitalfondet

3.1 Fondskapital, avkastning og fondsstyre
Fondskapitalen er avsette midlar frå kommunen sin kapitalrekneskap. Fondskapitalen er dermed ikkje fast.

Kapitalfondet skal plasserast i samsvar med kommunen sitt reglement for finansforvaltning. Avkastning på fondet blir som hovudregel ikkje tillagt fondet, men disponert som renteinntekt på driftsrekneskapen.

Kommunestyret er styre for fondet.

3.2 Formål
Formålet med kapitalfondet er å sikre kommunen eigenkapital til å finansiere investeringar og andre utgifter som skal førast i kapitalrekneskapen.

3.3 Bruk av fondet
Bruk av kapitalfondet skal i hovudsak fastsettast saman med behandlinga av årsbudsjettet og økonomiplanen. Unntaksvis kan bruk av kapitalfondet vedtakast som enkeltsak i løpet av budsjettåret. Det krevst 2/3-fleirtal for å bruke av grunnkapitalen i kapitalfondet. Berre formannskapet kan innstille til kommunestyret på bruk av kapitalfondet.

Kapitalfondet kan ikkje brukast til å dekke inn budsjettert underskot på driftsbudsjettet.

4. Konsesjonsavgiftsfondet

4.1 Fondskapital, avkastning og fondsstyre
Fondskapitalen er avsette midlar frå kommunen sine konsesjonsinntekter. Fondskapitalen er dermed ikkje fast.

Konsesjonsavgiftsfondet skal plasserast i samsvar med kommunen sitt reglement for finansforvaltning. Avkastning på fondet blir som hovudregel ikkje tillagt fondet, men disponert som renteinntekt på driftsrekneskapen.

Formannskapet er styre for fondet.

4.2 Formål
Formålet med konsesjonsavgiftsfondet er å finansiere næringsverksemd i Gloppen kommune og kommunal verksemd som er knytt til næringsutvikling.

4.3 Bruk av fondet
Bruk av konsesjonsavgiftsfondet skal i hovudsak fastsettast saman med behandlinga av årsbudsjettet og økonomiplanen. Unntaksvis kan bruk av fondet vedtakast som enkeltsak i løpet av budsjettåret.

Konsesjonsavgiftsfondet er ikkje eit fond det kan søkjast om tilskot frå.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter