Eigedomsskattevedtekter for Gloppen kommune

Vedtekne av Gloppen kommunestyre den 24. april 2017. Kap. 2 i vedtektene er fastsette av rådmannen same dag.

 

Kap 1. Takstnemnd og klagenemnd

§ 1-1 Takstnemnd

For taksering av eigedomsskattepliktige eigendomar i kommunen med unntak av vasskraftanlegg (jf. skattelova (sktl.) § 18-1 (2) a), oppnemner kommunestyret ei takstnemnd på tre medlemmer, jf. eigedomsskattelova (esktl.) § 8A-3. Takstnemnda skal ha tre medlemer og minst to varamedlemmer i rekkefølgje. Kommunestyret vel leiar og nestleiar.

For takstnemnda sine møte gjeld reglementet for saksbehandling i folkevalde organ.

Leiaren i nemnda har til oppgåve å planleggje og leie takseringsarbeidet, samt syte for at framdrifta i takseringa går etter planen.

§ 1-2 Klagenemnd

Kommunestyret oppnemner ei klagenemnd til å behandle både klager over takstnemnda sine takstvedtak og klager over eigedomsskattekontoret sine utskrivingsvedtak, jf. esktl. §§ 19 og 20.

Klagenemnda skal ha seks medlemer og minst tre varamedlemmer i rekkefølgje. Kommunestyret vel leiar ognnestleiar.

For klagenemnda sine møte gjeld reglementet for saksbehandling i folkevalde organ.

Leiaren i klagenemnda har til oppgåve å planleggje og leie klagebehandlingas, samt syte for ei forsvarleg framdrift i saksbehandlinga.

§ 1-3 Kven kan veljast, oppnemning av nye nemndmedlemer og fråtreding

Dei som er pliktige til å ta imot val til kommunestyret, er valbare og pliktige til å ta imot val til takstnemnda og klagenemnda, men medlemmerer av formannskapet kan ikkje veljast, jf. esktl. § 21.

Valperioden følgjer kommunevalperioden.

§ 1-4 Ugildskap

Reglane om habilitet i forvaltningslova (fvl.) §§ 6 og 8 gjeld for nemndene.

§ 1-6 Teieplikt

Medlemmene av takstnemnda og klagenemnda skal skrive under på lovnad om teieplikt når dei byrjar i vervet.

Kap 2. Eigedomsskattekontoret

Kapittel 2 er fastsett av rådmannen.

§ 2-1 Eigedomsskattekontoret

Oppgåva som eigedomsskattekontor er lagt til eininga for plan- og byggesak i kommunen.

§ 2-2 Eigedomsskattekontoret sine oppgåver

Eigedomsskattekontoret skal skrive ut eigedomsskatten på grunnlag av takstnemnda sine takstar og kommunestyret sine vedtak.

Eigedomsskattekontoret er sekretariat for takstnemnda og klagenemnda og skal syte for at sakene som blir lagde fram for nemndene er tilstrekkeleg utgreidde.

Eigedomsskattekontoret har som oppgåve å informere dei nyvalde takstnemndene og klagenemndene om nemndene sine oppgåver og regelverket knytt til eigedomsskatt.

§ 2-3 Førebuing av takseringsarbeidet

Eigedomsskattekontoret utarbeider liste over eigendomane i kommunen som skal skattleggast og førebur takseringa ved å skaffe tilgjengeleg informasjon om kvar einskild eigendom.

Skatteetaten sitt formuesgrunnlag for bustadar skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatten på denne kategori eigedomar.

§ 2-4 Innhenting av opplysningar frå skattytar og/eller brukarar av eigendomen

Reglane for innhenting av opplysningar frå skatteytar og/eller brukar av eigedomen følgjer av esktl. § 31.

§ 2-5 Engasjement av sakkunnige

Om nødvendig kan eigedomsskattekontoret engasjere sakkunnig hjelp i takseringsarbeidet.

Ved taksering av større verk og bruk bør det engasjerast sakkunnig taksator med særskilt kompetanse på den typen verk og bruk som det er aktuelt å taksere.

Kap. 3. Takseringsarbeidet

§ 3-1 Møteprotokoll frå møte i nemnda

Det skal førast protokoll frå alle møta i takstnemnda etter reglementet for saksbehandling i folkevalde organ i Gloppen.

§ 3-2 Generelle prinsipp for takseringsarbeidet

Eigedomsskatten for bustader skal byggjer på verdet (taksten) som vert sett på eigedomen ved fastsetjing av formues- og inntektsskatt året før skatteåret og skattegrunnlaget skal reknast ut etter reglane i esktl. § 8 C-1. Bustadar utan formuesgrunnlag skal takserast og får fastsett taksten av takstnemnda. 

Takstnemnda skal verdsetje dei skattepliktige eigendommane etter reglane i esktl. § 8A-2.

Takstnemnda fastset taksten etter skjønn og kan ikkje instruerast.

Verdsetjinga skal skje med utgangspunkt i det generelle prinsippet om likebehandling som gjeld for eigedomsskatt. Takstnemnda skal utøve sitt skjønn etter beste evne. Alle eigendomar som ikkje er unnatekne frå eigedomsskatteplikt, skal verdsetjast. Nemnda kan ikkje gjere andre frådrag eller reduksjonar i taksten enn det som er heimla i lova.

Alle takstar skal avrundast til næraste heile 1000 kroner.

Dersom det er ulik eigar for grunn og bygningar på ein fast eigendom, skal grunnen og bygningane normalt takserast kvar for seg.

§ 3-3 Vedtak av retningsliner og sjablongar, verdsetjingsprinsipp

Før alminnelege takseringa drøfter takstnemnda alminnelege retningsliner for takseringa for å sikre mest mogeleg einsarta vurderingar. Ved behov kan prøvetaksering finne stad.

Takstnemnda kan gjere vedtak om sjablongar til bruk i takseringa. Sjablongane er eit hjelpemiddel for å kome fram til takstverdien av eigendomen, og skal ta høgde for at tilstanden til eigedomen (innretninga), brukseigenskap og lokalisering kan virke inn på verdien, jf. esktl. § 8A-2 (1).

Verk og bruk skal som hovudregel verdsetjast til substansverdien av anlegget. Dette gjeld ikkje kraftanlegg, jf. sktl. § 18 – 5 og esktl § 8B-1.

§ 3-4 Synfaring

Takstnemnda skal synfare alle eigendomar som skal verdsetjast for utskriving, med mindre noko anna er avtala med skattytaren. Dette gjeld ikkje bustader med formuesgrunnlag for skatteetaten. Kraftliner og nettanlegg skal ikkje synfarast med mindre det ligg føre særleg grunn.

Eigaren (skattytar) skal varslast i god tid før synfaring og gjerast merksam på at eigaren og brukaren av eigendomen er pliktige til å medverke til synfaring ved taksering etter esktl. § 8A-3, jf. esktl.§ 31 (2). Det kan setjast ein frist for eigars og brukars medverknad til at synfaring kan la seg gjennomføre, jf. esktl. § 31 (3). Ved brot på plikta kan eigaren (skattytaren) bli pålagt ei forseinkingssavgift, jf. esktl. § 31 (4).

§ 3-5 Fotografering

Fotografering av eigedomen kan brukast som hjelpemiddel i takseringa.

§ 3-6 Fastsetjing av takst

I samband med takseringa skal takstnemnda blant anna ta stilling til

  • kva for eigedomar som er skattepliktige innanfor det verkeområdet kommunestyret har definert, jf. esktl. § 3.
  • kva for eigedomar som er ”verk og bruk”, jf. esktl. § 4 andre ledd andre setning.
  • kva for bygningar og driftsmiddel som er ein del av eit verk og bruk, jf. esktl. § 4 andre ledd tredje og fjerde setning, samt esktl. § 8A-2 (2).
  • grensesnittet mellom kraftanlegg og overføringsanlegg, jf. sktl. § 18-1 (2) a.
  • kva for eigedomar som er unnatekne frå eigedomsskatt, jf. esktl. § 5, og kva for eigedomar som er fritekne, jf. esktl. § 7.

Kap. 4. Ny taksering og kontorjustering

§ 4-1 Omtaksering og særskild taksering

Den alminnelege takseringa i kommunen skjer til vanleg kvart 10. år. Kommunestyret kan vedta ny taksering tidlegare eller seinare enn dette dersom vilkåra i esktl. § (A-3 (2) er oppfylt.

I perioden mellom den alminnelege takseringa i kommunen kan einskilde eigedomar omtakserast/takserast særskild etter krav frå formannskapet eller skattytar i samsvar med dei retningslinene og vilkåra som går fram av esktl. § 8A-3 (5) og (6). Dette gjeld ikkje bustader som årleg får ny takst basert på Skatteetatens formuesgrunnlag. Frist for å krevje ny taksering er  1. november i året før skatteåret. Takstnemnda avgjer om vilkåra for å krevje ny/særskild taksering er til stades.

§ 4-2 Kontorjustering

Kommunestyret kan i staden for ny alminneleg taksering gjere vedtak om å auke taksten som blei fastsett for eigendomen ved den siste alminnelege takseringa for utskriving av eigedomsskatt. Kommunestyret kan dessutan gjere vedtak om at det skal gjerast eit tilsvarande tillegg for dei eigedommane som er verdsette særskilt før eit tidspunkt fastsett av kommunestyret.

Auken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vere meir enn 10 prosent av det opphavlege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste alminnelege takseringa.

Kap. 5. Klage på taksten og utskrivinga

§ 5-1 Klage på taksten

Krav om overtakst/klage kan fremjast av vedkommande skattytar eller formannskapet, jf. esktl. § 8A-3 (3).

For bustader med formuesgrunnlag frå Skatteetaten skal klage på verdisetjinga rettast til Skatteetaten. Eigar får utvida klagefrist det fyrste året eigedomsskatten er skriven ut etter denne ordninga, jf. likningslova § 9-2 nr. 4 siste punktum. Dersom eigar får medhald i klage på likninga, skal taksten rettast etter esktl. § 17 fjerde ledd.

Klage over taksten på andre eigedomar må gjerast skriftleg innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det var kunngjort at eigedomsskattelista blei lagt ut, eller den dagen skattesetelen blei send det året då takseringa finn stad. Klage over taksten kan seinare setjast fram i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, men berre dersom det ikkje er klaga på taksten tidlegare, jf. esktl. § 19, første ledd tredje setning.

Takstnemnda/klagenemnda kan behandle ei klage frå skattytaren sjølv om klagefristen er overskriden når vedkomande ikkje kan klandrast, eller det har særs mykje å seie for skattytaren at klaga blir handsama. Tilsvarande kan ei klage frå formannskapet takast til følgje etter klagefristen dersom formannskapet klagar til gunst for skattytaren. Klagefristen kan i enkelttilfelle utsetjast etter søknad dersom det finst rimelege grunnar.

Takstnemnda kan oppheve eller endre vedtaket dersom ho finn at klaga er grunngjeve. Dersom takstnemnda ikkje gir klagar medhald, skal saka behandlast i klagenemnda.

Dersom klagenemnda finn det nødvendig, kan det hentast inn fråsegner frå sakkunnige. Klagenemnda kan gjennomføre synfaring og prøve alle sider av taksten og også endre denne til skattytar sin ugunst.

§ 5-2 Omgjering

Klagenemnda sine vedtak er endelege og kan ikkje ankast.

Dette gjeld også dersom klaga blir sett fram i samband med utskrivinga i seinare år, jf. esktl. § 19.

Skattytaren kan be klagenemnda å gjere om eige vedtak. Klagenemnda har i slike tilfelle ingen plikt til å vurdere vedtaket på nytt, men det kan gjerast dersom nemnda finn det rimeleg.

I tilfelle klagenemnda avviser ei oppmoding om omgjering, skal det presiserast at vedtaket ikkje er eit nytt realitetsvedtak som gir grunnlag for ny søksmålsfrist.

§ 5-3 Klage på utskrivinga

Klage over utskrivinga må gjerast skriftleg innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det var kunngjort at eigedomsskattelista blei lagt ut, eller den dagen skattesetelen blei sendt, jf. esktl. § 19.

Ei klage frå skattytaren kan behandlast sjølv om klagefristen er overskriden når vedkomande ikkje kan klandrast for oversitjing av fristen, eller det har svært mykje å seie for skattytaren at klaga blir behandla.

Klagefristen kan i einskildhøve utsetjast etter søknad dersom det er rimelege grunnar for å innvilga utsett klagefrist.

Klage på eigendomsskattekontoret sitt utskrivingsvedtak skal leggast fram for klagenemnda viss ikkje ek\igedomskontoret sjølv gjev klagaren medhald, jfr § 1-2 i vedtektene.

§ 5-4 Protokoll frå klagenemnda

Det skal førast protokoll frå møta i klagenemnda etter reglementet for saksbehandling i folkevalde organ i Gloppen.

Kap. 6. Ymse avgjersler

§ 6-1 Godtgjersle til nemndene og sakkunnige

Takstnemnda og klagenemnda får godtgjersle etter kommunen sitt reglement. Sakkunninge får godtgjersle etter rekning.

§ 6-2 Frist for utskriving av eigedomsskatt

Eigedomsskatten skal vere utskriven og skattelistene gjort offentlege innan 1. mars i skatteåret.

Ved første gongs utskriving skal den alminnelege takseringa vere avslutta innan utgangen av juni i skatteåret. Ved utviding av skatteområdet og/eller innføring av botnfrådrag gjeld eigne overgangsordningar.

§ 6-3 Eigedomsskattelistene

Eigedomsskattelista skal liggje ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut, jf. esktl. § 15. I kunngjeringa skal det opplysast om fristen for klage og kven klaga skal sendast til.

Samstundes med at eigedomsskattelista blir lagt ut, blir skattesetelen send til skattytaren.

§ 6-4 Skatteterminar

Eigedomsskatten forfell til betaling i fire terminar, den 20. februar, 20. mai, 20. september og 20. november.

§ 6-5 Klage eller søksmål på takst eller utskriving har ikkje utsetjande verknad

Eigedomsskatten skal betalast til fastsett tid og med dei beløpa som først er fastsette, sjølv om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står til prøving for ein klageinstans eller domstolane, jf. esktl. § 25 (3).

§ 6-6 Iverksetting

Desse vedtektene gjeld frå vedtaksdato i kommunestyret. Frå same tidspunkt blir eigedomsskattetakstvedtektene for Gloppen kommune vedtekne den 30. september 2013 oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter