Delegasjon av tilvisingsretten

Rådmannen har etter pkt 2.3 i kommunen sitt økonomireglement tilvisingsrett for heile budsjettet.

Desse delegasjonsreglane er sist oppdaterte den 19. august 2019.

1. Praktisering av tilvisingsretten
Tilvisingsretten er delegert etter desse prinsippa og med desse forutsetingane:

1.1 På driftsbudsjettet
På driftsbudsjettet følgjer tilvisingsretten ansvarsomåda.

1.2 På investeringsbudsjettet
Investeringsbudsjettet har berre eitt ansvarsområde, ansvar 8000. Tilvisingsretten følgjer her prosjektnummera.

1.3 Inhabilitet og fråvær
Forvaltningslova sine reglar om inhabilitet gjeld også ved tilvising. I dei tilfelle tilvisar er inhabil, skal nærast overordna tilvise.

Den som har tilvisingsrett pliktar ved feriar og lengre fråvær å syte for at rekningar ikkje blir liggande utilviste. Melding om kven som tilviser ved fråvær skal leggast inn i programmet for fakturabehandling av den som har den faste tilvisingsretten.

1.4 Utbetaling/føring utan tilvising
Følgjande rekningar m.m. kan utbetalast og førast utan tilvising:

  • Fast lønn og godtgjersle, når denne er tilvist i lønnssystemet
  • Rekningar som først blir ført i balansen, og seinare fordelt i drifts- eller investeringsrekneskapen.

1.5 Vidaredelegering
Delegert tilvisingsrett kan ikkje vidaredelegerast, unnateke i dei tilfella som er omtalt i pkt. 1.3.

2. Delegert tilvisingsrett

2.1 Driftsbudsjettet
Tilvisingsretten omfattar alle driftsartane frå 10000-15000 på utgiftssida og 16000-19000 på inntektssida. Tilvisingsretten omfatta ikkje innkjøp, bestilling eller inngåing av avtalar om:

  • telefonabonnement, fiber og breiband
  • annonsering i Firda Tidend som ikkje gjeld tilskipingar og arrangement
  • oppføring i katalogar og register som ikkje er bestemt av eit offentleg organ
  • IKT-utstyr (programvare og maskiner)

som er lagt til organisasjonssjefen og

  • forsikring

som er lagt til økonomisjefen.

Ansvar 1000 Rådmannen sjølv
- på alle tenester.

Ansvar 1100 Organisasjonssjefen
- på tenestene 12020, 12030, 12040, 12050, 12060, 12070, 12090, 23400, 24200, 26500 og 28300.

Ansvar 2000 Oppvekstsjefen
- på tenestene 20100, 20200, 21100, 22200 og 29000.

Ansvar 2101 Rektor ved Nordstranda skule
- på tenestene 20200, 21500 og 22300.

Ansvar 2102 Rektor ved Breim skule
- på tenestene 20200, 21500 og 22300.

Ansvar 2103 Rektor ved Gloppen ungdomsskule
- på tenestene 20200 og 22300.

Ansvar 2104 Rektor ved Hyen skule og barnehage
- på tenestene 20100, 20200, 21500 og 22300.

Ansvar 2108 Rektor ved Sandane skule
- på tenestene 20200, 21500 og 22300.

Ansvar 2204 Styrar ved Breim barnehage
- på tenestene 20100 og 21100.

Ansvar 2208 Styrar ved Mona barnehage
- på tenestene 20100 og 21100.

Ansvar 2301 Barnevernsleiar
- på tenestene 24400, 25100 og 25200.

Ansvar 2302 Leiande helsesøster
- på teneste 23200.

Ansvar 2303 Dagleg leiar ved PP-tenesta
- på tenestene 20100, 20200 og 21100.

Ansvar 2902 Rektor ved Gloppen opplæringssenter
- på teneste 21300.

Ansvar 3000 Helse- og omsorgssjefen
- på tenestene 23400, 24200, 25300, 25400 og 27300.

Ansvar 3100 Kommuneoverlegen
- på teneste 23300 og 24100.

Ansvar 3200 Nav-leiar
- på tenestene 24200, 24300, 26500, 27300, 27500, 27600 og 28100.

Ansvar 3311 Områdeleiar i Sandane
- på teneste 25400.

Ansvar 3315 Einingsleiar ved Åsavegen bu- og avlastningsteneste 
- på tenestene 23400 og 25400.

Ansvar 3316 Områdeleiar i Breim
- på teneste 25400.

Ansvar 3317 Områdeleiar i Hyen
- på teneste 25400.

Ansvar 3321 Einingsleiar på Gloppen omsorgssenter, 1. etasje
- på teneste 25300 og 25400.

Ansvar 3322 Einingsleiar ved Oreteigen
- på teneste 25400

Ansvar 3323 Einingsleiar ved Åsateingen
- på teneste 25400.

Ansvar 3326 Avdelingsleiar for Gotatoppen
- på teneste 25400

Ansvar 3400 Einingsleiar for fysio- og ergoterapitenesta
- på tenestene 23300, 24100 og 25400.

Ansvar 3901 Kjøkkensjefen
- på teneste 25300.

Ansvar 4000 Teknisk sjef
- på tenestene 12010, 30100, 30200, 30300, 31500 og 32500.

Ansvar 4100 Leiar for kommunalteknikk
- på tenestene 19000, 29000, 33000, 33200, 33500, 34000, 34500, 35000, 35300 og 35400.

Ansvar 4200 Landbrukssjefen 
- på tenestene 32900 og 36000.

Ansvar 4300 Brann- og beredskapssjefen
- på tenestene 33800 og 33900.

Ansvar 4400 Bygg- og eigedomssjefen
- på tenestene 12100, 13000, 19000, 22100, 22200, 23200, 24100, 26100 og 26500.

Ansvar 4500 Leiar for plan- og byggesak
- på tenestene 30100, 30200 og 30300.

Ansvar 5000 Kultur- og utviklingssjefen
- på tenestene 23100, 23300, 30100, 32500, 33500, 36000, 36500, 37500, 37700, 38000, 38100, 38500 og 39200.

Ansvar 5100 Biblioteksjefen
- på teneste 37000.

Ansvar 5200 Gloppen kulturskule
- på teneste 38300.

Ansvar 5300 Einingsleiar for kulturhuset Trivselshagen
- på tenestene 32000, 37300 og 38600.

Ansvar 5400 Einingsleiar for Trivselshagen Bad og Idrett
- på teneste 38100.

Ansvar 9000 Finansiering - Rådmannen sjølv
- på alle tenester.

Ansvar 9900 Avskrivingar - Økonomisjefen
- på alle tenester.

2.2 Investeringsbudsjettet
Tilvisinga gjeld investeringsartane 30000-34999 på utgiftssida og 36000-38999 på inntektssida.

Tilvisingsretten på investeringsprosjekt blir tildelt på kvart enkelt prosjekt.

2.3 Spesielt om fond og avsetningar m.m.
Finansieringsregistreringar på artane 15000-15999 og 19000-19999 i driftsbudsjettet og 35000-35999 og 39000-39999 i investeringsbudsjettet, som ikkje medfører utbetaling, kan gjennomførast av økonomisjefen utan tilvising.

2.4 Fullmakter som følgjer tilvisingsretten
Tilvisingsretten til sektorleiarane omfattar i tillegg til tilvising fullmakt til å

  • omdisponere driftsutgifter innanfor det aktuelle hovudansvarsområde1 så langt dette ikkje har konsekvensar utover budsjettåret
  • disponere uforutsette driftsinntekter (utanom refunderte sjukepengar) på opptil kr 300.000,- innanfor det det aktuelle hovudansvarsområde1
  • bruke refunderte sjukepengar til vikarlønn
  • endre budsjettet som følgje av desse omdisponeringane. Melding om budsjettendring skal sendast skriftleg til økonomisjefen.

1 Hovudansvarsnummera er 1 (ansvarsnr 1000-1999), 2 (ansvarsnr 2000-2999) , 3 (ansvarsnr 3000-3999), 4 (ansvarsnr 4000-4999) og 5 (ansvarsnr 5000-5999).

Tilvisingsretten til einingsleiarane omfattar i tillegg til tilvising fullmakt til å

  • omdisponere driftsutgifter innanfor sitt ansvarsområde så langt dette ikkje har konsekvensar utover budsjettåret
  • disponere uforutsette driftsinntekter (utanom refunderte sjukepengar) på opptil kr 50.000,- innanfor sitt ansvarsområde
  • bruke refunderte sjukepengar til vikarlønn
  • endre budsjettet som følgje av desse omdisponeringane. Melding om budsjettendring skal sendast skriftleg til økonomisjefen.

2.5 Spesielt om prosjektrekneskap
Dersom det ved føring av prosjektrekneskap i driftsrekneskapen ikkje er samsvar mellom ansvarsnummer og tilvisingsområde/tenestenummer, skal tilvisingsrett for prosjektet tildelast av rådmannen for kvart enkelt prosjekt.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter