9. Delegasjonar frå rådmannen

Dette er ei samla oversikt over det rådmannen har delegert av sine fullmakter i økonomireglementet.

9.1 Til økonomisjefen

Disposisjonsrett
Økonomisjefen har rådmannen sine fullmakter etter kap. 2.3.5 til

  1. å overføre budsjettbeløp i investeringsbudsjettet som følgje av forskyving i framdrifta av prosjektet, ved at budsjettbeløp vert redusert i rekneskapsåret og overført til påfølgjande budsjettår. Prosjekta sine totalbudsjett kan ikkje endrast.
  2. å gjennomføre pliktige strykingar for å redusere eit rekneskapsmessig underskot, i samsvar med rekneskapsforskrifta § 9, jf. kap. 5.3.2.

Endringar i kontoplanen
Økonomisjefen har rådmannen sine fullmakter etter kap. 3.1.5 til å gjere endringar i kontoplanen.

I årsavslutninga (etter kap. 5.1)
Økonomisjefen har som oppgåve å utarbeide årsrekneskapen for kommunen med dei delane som følgjer av kap. 5.1 i økonomireglementet.

Strykingar (etter kap. 5.3.2)
Økonomisjefen har rådmannen sine fullmakter etter kap. 5.3.2 til å stryke

  1. overføringar frå driftsrekneskapen til finansiering av utgifter i årets investeringsrekneskap i samsvar med vedtak i kommunestyret
  2. avsetningar til fond, når disse er finansierte av årets eller tidlegare års løpande inntekter
  3. budsjettert inndekning av tidlegare års rekneskapsmessige underskot, når dette er finansiert av årets eller tidlegare års løpande inntekter

i driftsrekneskapen når dette er nødvendig for å redusere rekneskapsmessig underskot.

Økonomisjefen har rådmannen si fullmakt etter kap. 5.3.2. til å avgjere kva budsjetterte avsetningar som skal prioriterast og kva ubundne investeringsfond som skal nyttast i investeringsrekneskapen ved manglande finansiering.

Periodisk rapportering
Økonomisjefen har ansvaret for utarbeiding av rekneskapsrapportane og årsrekneskapen etter kap. 6.1.

Innkrevjing
Økonomisjefen er kommunen sin særnamsmann.

Økonomisjefen har rådmannen sine fullmakter til å

  1. koordinere og kvalitetssikre alt innkrevjingsarbeid i kommunen og rapportere om status etter kap. 8.1
  2. inngå avtale om endring av betalings- og lånevilkår og delvis sletting av krav etter kap. 8.2.2
  3. avskrive konstaterte tap på krav m. m. etter kap. 8.3.1
  4. gjere endringar i inngåtte avtalar om bustadlån og sosiallån etter kap. 8.3.2.

9.2 Til sektorleiarane

Sektorleiarane er i denne samanhengen medlemmene i rådmannen si leiargruppe, minus personalsjefen.

Sektorleiarane har rådmannen sin tilvisingsrett etter eigne reglar.

Rådmannen si fullmakt etter kap. 2.3.5 til å disponere meirinntekter på opptil kr 300.000,- på det einskilde ansvarsområde er delegert til sektorleiaren.

9.3 Til einingleiarane

Rådmannen sin tilvisingsrett er delegert vidare til einingsleiarane etter eigne reglar.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter