6. Rapportering

Fullmaktene og oppgåvefordelinga etter kap. 6 er gjevne av rådmannen.

6.1 Periodisk rapportering1)

I løpet av året skal kommunestyret behandle følgjande rekneskapsrapportar:
1. Rekneskapsrapport per 31. mars
2. Halvårsrapport per 30. juni
3. Rekneskapsrapport per 30. september
4. Årsrekneskapen skal behandlast innan 1. juli.

I rekneskapsrapportane skal det framgå om drifta er innanfor dei vedtekne budsjettrammer. Dersom det ikkje er tilfelle, må det setjast i verk tiltak for å oppretthalde budsjettbalansen, jf kap. 2.3.

Ansvaret for utarbeiding av rekneskapsrapportane og årsrekneskapen er lagt til økonomisjefen.

1) Endra av kommunestyret 26. september 2018, sak 51/18.

6.2 Årsmelding

Årsmeldinga til rekneskapen skal utarbeidast slik kommunelova § 48 nr. 5 viser. Årsmeldinga skal behandlast saman med årsrekneskapen og innan 1. juli.

6.3 Nasjonal rapportering

Nasjonal rapportering (KOSTRA-rapportering) omfattar elektronisk rapportering til SSB av
1. Rekneskap (kvartals- og årsrekneskap)
2. Tenesterapportering (data frå fagsystem/elektroniske skjema).

Rapporteringsfristar er 15. januar, 15. februar og 15. april (årsrapportering) og 20. april, 5. august, 20. oktober og 20. januar (kvartalsrapportering).

Økonomisjefen skal ha oversikt over dei verkty som SSB har til disposisjon for kommunane og syte for riktig bruk av kontrollprogram for rapporteringa.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter