3. Økonomimodellen, økonomisystemet og kontoplanen

3.1 Økonomimodellen og økonomisystemet

3.1.1 Økonomimodellen

Grunntanken i økonomimodellen er "reindyrking" av logisk uavhengige styringsomgrep. I økonomimodellen vert desse styringsomgrepa kalla dimensjonar, og kan setjast saman etter behov. Dimensjonane skal gje relevante data for økonomistyring. Dette betyr at det vi ønskjer å få ut, skal styre kva vi legg inn i økonomisystemet.

Det er hovudsakleg dimensjonane teneste (kva som vert gjort/skal gjerast) og ansvar (kvar ressursane vert brukt) som påverkar ressursinnsatsen (utgifts- og inntektstypar) og dermed også resultatet og om fastsette mål bli oppnådd. Det er difor logisk å byggje opp økonomimodellen med basis i:

  • Art (ressursbruk: utgifts- og inntektstypar)
  • Ansvar (kvar ressursane blir brukt)
  • Teneste (kva som blir gjort).

Dette er obligatoriske dimensjonar. I ein del tilfelle er det i tillegg nødvendig å vise spesielt kva vi gjer noko med (prosjekt/anlegg) eller kven vi gjer noko for (målgruppe) og dette kan gjerast i prosjekt- eller objektdimensjonen. I investeringsbudsjettet/-rekneskapen skal det brukast prosjekt, i tillegg til dei tre obligatoriske dimensjonane.

3.1.2 Økonomisystemet

Økonomistyring er m.a. å ha kontroll over verdiskapinga og pengestraumen, slik at ressursane blir utnytta så effektivt som råd. For å betre økonomistyringa har kommunen utarbeidd økonomimodellar som blir nytta i eit økonomisystem.

Eit økonomisystem inneheld hovudsakleg desse modulane:

  • Rekneskap/budsjett
  • Lønns- og personalsystem         
  • Faktureringssystem.

I tillegg er det fleire spesial-/fagsystem innafor mange av tenesteområda, som blir nytta av kommunane sine ulike einingar. Desse systema gjev data til dei tre hovudmodulane som utgjer økonomisystemet. I den daglege økonomistyring er spesialsystema eit viktig supplement til økonomisystemet.

Rekneskaps- og budsjettsystemet er sentralt i ein økonomimodell, fordi her blir data frå alle modulane i økonomisystemet, og frå dei ulike fagsystem, samla og presentert.

Hovudinndeling av rekneskap og budsjett
Rekneskapen og budsjettet har slik hovudinndeling:

Driftsrekneskap/budsjett
+ Investeringsrekneskap/budsjett
= Løyvingsrekneskap/budsjett
Balanserekneskap

Løyvingsrekneskap/budsjett (drifts- og investeringsrekneskapen) vil nytte fleire dimensjonar, f.eks. art, ansvar, teneste og prosjekt. Balansen nyttar ei spesialutgåve av artsdimensjonen.

Drifts- og investeringsdelen nyttar dei same dimensjonane. Skilnaden mellom drifts- og investeringsdelen vert gjort i artsdimensjonen, slik at første siffer i art angjev drift eller investering (1=driftsdelen og 3=investeringsdelen). I tillegg har investeringsdelen berre eitt ansvar, ansvar 8000.

3.1.3 Forholdet til Nasjonal rapportering (KOSTRA)

Målet med KOSTRA (KOmmunue STat RApportering) er å kople saman tenesteproduksjonsdata (type tenester, tal produserte einingar, personalinnsats - årsverk/timar, brukarar m.m.) med økonomidata (utgift og inntekt pr. teneste). Dette vil gje informasjon om prioritet, produktivitet og dekningsgrad i høve til kommunen sine ulike brukargrupper. Gjennom denne rapporteringa blir det produsert nøkkeltal i tre nivå. Nøkkeltala er relevante for kommunen sin eigen styring.

Rapportering av økonomidata er basert på artar og funksjonar (funksjon tilsvarar det vi i vår kontoplan kallar teneste) i samsvar med ei eiga rapporteringsforskrift. Kommunen sin økonomimodell må ta omsyn til rapporteringskrava i KOSTRA og rapporteringsforskrifta.

Artar og funksjonar (teneste) i KOSTRA er bygde på lokale omgrep i kommunen.

Gloppen kommune har definert sin eigen økonomimodell, i samarbeid med Nordfjord-kommunane, med tilhøyrande kontoplanar, i prinsippet uavhengig av strukturen i KOSTRA sine artar og funksjonar. Krava i KOSTRA er oppfylt ved at data er kopla til KOSTRA-kontoplanane ut frå kommunen sin kontoplan. I praksis betyr dette bindingar for kontoplanen, i den meining at planen må vere så presis og ha eit slikt detaljeringsnivå, at det er mogeleg å oppfylle krava i KOSTRA.

Gloppen kommune har gjort dette slik:

Art - 5 siffer  
1. siffer 1 = drift, 3 = investering
2. og 3. siffer obligatorisk KOSTRA-art
4. og 5. siffer til fri bruk
Teneste - 5 siffer  
1. til 3. siffer obligatorisk KOSTRA-funksjon
4. og 5. siffer til fri bruk

 

3.1.4 Intern rapportering

Rapportering og spørjing vil skje ved at det blir valt ut ein eller fleire dimensjonar i økonomimodellen som skal inngå i eit søk. Kva nivå som skal presenterast, er avhengig av målgruppa. Det som er nytta i rapportering til politisk og administrativ styring er følgjande:

Budsjettområde
Budsjettområda følgjer den politiske organiseringa. I perioden 2016-2019 har kommunen fire budsjettområde, pluss finansieringsdelen. Økonomirapporteringane blir lagde fram minimum per budsjettområde, i tillegg til frie inntekter, finanspostar og andre felles inntekter/utgifter (hovudansvar 9)

Ansvar og teneste
Kvar og til kva formål blir ressursane brukte.

Artsnivå
Viser ressursinnsatsen fordelt på utgifts- og inntektstypar.

3.1.5 Endring i kontoplanen

Innanfor dei hovudprinsippa som følgjer av dette kapitlet har rådmannen fullmakt til å gjere endringar i kontoplanen.

Rådmannen har delegert fullmakta til å gjere endringar i kontoplanen til økonomisjefen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter