2. Budsjett og økonomiplan

2.1 Kommunen sin plan- og økonomimodell1)

Den kommunale økonomimodellen kan delast inn i 4 hovudelement:

  1. Handlingsprogrammet/4-årig økonomiplan
  2. Årsbudsjettet og endringar i dette gjennom året
  3. Periodiske rekneskapsrapportar
  4. Årsrekneskap, årsmelding og nasjonal rapportering.

Handlingsprogrammet/økonomiplanen er også heimla i plan- og bygningslova § 11-1, 4. ledd der det heiter at kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som fortel korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande år eller meir, og reviderast årleg. Vidare pålegg kommunelova § 44 at kommunen ein gong i året skal vedta ein rullerande økonomiplan som skal leggast til grunn ved kommunens budsjettarbeid og anna planleggingsaktivitet. Økonomiplanen skal minst omfatte dei fire neste budsjettåra. Økonomiplanen skal utarbeidast slik at den oppfyller krava til handlingsprogram. Dokumentet blir heretter omtala som økonomiplan. Prioriteringane i økonomiplanen blir konkretiserte i årsbudsjettet.

I løpet av året er det tre hovudrapporteringar til hovudutvala og kommunestyret, per. 31. mars, 30. juni og 30. september. Rapportane per 31. mars og 30. september er reine økonomirapportar, medan rapporten per 1. juli er ein utvida halvårsrapport. Om nødvendig legg rådmannen fram forslag om revidert årsbudsjett saman med halvårsrapporten.

Kommunen er pålagd å rapportere om ressursbruk og tenesteproduksjon til bruk i nasjonale informasjonssystem, jf. kommunelova § 49 og forskrift om rapportering. For vidare prosedyre gjeld kap. 6.

Kommunestyret er pålagd å behandle årsrekneskapen innan 1. juli det påfølgjande år, jf. kommunelova § 48 og rekneskapsforskrifta § 10. For vidare prosedyre gjeld kap. 5.

Rådmannen skal utarbeide årsmelding, jf. kommunelova § 48. For vidare prosedyre gjeld kap. 6.

1) Endra av kommunestyret 26. september 2018, sak 51/18.

2.2 Årsbudsjett og økonomiplan

Føremål
Føremålet med utarbeiding av årsbudsjett og økonomiplan er å realisere målsettingar fastsett i kommunen sitt handlingsprogram, planlegge nye tiltak og føre kontroll med kommunen sin ressurstilgang og ressursbruk. Arbeidet må ta omsyn til dei føresetnadene og økonomiske utrekningane som framkjem i føringar frå staten m.a. via statsbudsjettet og kommuneproposisjonen. Budsjettarbeidet vil òg syne kommunen sine ressursar og tilgang på ressursar, og gje informasjon om verknadene av framleis drift på det dagens nivå.

Ansvar
Ansvaret for å utarbeide økonomiplan og årsbudsjett ligg til rådmannen. Formannskapet har ansvaret for å utarbeide ei innstilling til kommunestyret i økonomiplan- og årsbudsjettsaker.

2.2.1 Utarbeiding

For utarbeiding av økonomiplan og årsbudsjett ligg følgjande til grunn:

  • krav til tenesteyting etter gjeldande lover og forskrifter
  • årsrekneskap
  • årsmelding
  • konsekvensjustert budsjett
  • nasjonal rapportering og statistikk.

Bakgrunn for årsbudsjettet, innhaldet og bindande verknad er regulert i kommunelova §§ 45-47, og forskrift om årsbudsjett.

2.2.1.1 Konsekvensjustert budsjett
For å få ei betre oversikt over den økonomiske handlefridomen i økonomiplanperioden, utarbeider rådmannen ei konsekvensjustert budsjettoversikt. Med utgangspunkt i inneverande årsbudsjett, blir konsekvensane av å oppretthalde dei dagens drift gjennom heile perioden, synt. I tillegg er krav til tenesteyting etter lovverket og dei investeringar som kommunestyret har vedteke ved siste rullering av økonomiplanen, lagde inn.

2.2.1.2 Årsbudsjett og økonomiplan1)
Etter årshjulet skal økonomiplanen og årsbudsjetet behandlast av kommunestyret på det siste møtet i kommunestyret kvart år. Rådmannen fastset nærare tidsplan for arbeidet og behandlinga av økonomiplanen og årsbudsjettet.

Økonomiplanen skal

  • gjelde for fire år
  • peike på kva retning kommunen tenkjer å gå i framtida
  • vere grunnlaget for årsbudsjettet
  • følgje opp og vidareføre prioriterte satsingsområde, og sentrale vedtak som er gjort.

Årsbudsjettet skal

  • delast i ein del for driftsbudsjett og ein del for investeringsbudsjett
  • byggje på prioriteringar i økonomiplanen
  • vere løyvingsdokument, dvs. at vedtekne budsjett syner kva netto rammer kommunestyret har løyvd til kommunen sin aktivitet det komande året. Rammene er bindande for det enkelte hovudutval sitt budsjettområde.

1) Endra av kommunestyret 26. september 2018, sak 51/18.

2.2.2 Oppstilling og fordeling

Økonomiplanen og årsbudsjettet skal utarbeidast etter eigne malar. Årsbudsjettet skal byggje på einingane sine budsjett og rekneskap frå siste år. Det skal justerast for vedtekne endringar og andre lovpålagde justeringar, dvs. ei konsekvensjustering. Økonomiplanen skal byggje på sist vedtekne årsbudsjett.

2.2.2.1 Årsbudsjettet
Kommunestyret skal vedta driftsbudsjettet på netto driftsramme per. hovudutvalsområde, som følgje av eigen obligatorisk oppstilling, jf. også budsjettforskrifta vedlegg 1A+B.

Kommunestyret skal vedta investeringsbudsjettet per investeringsprosjekt, som følgje av eigen obligatorisk oppstilling, jf. også budsjettforskrifta vedlegg 2A+B.

Økonomiske oversikter for drifts- og investeringsbudsjettet skal ligge ved årsbudsjettet. Oversiktene skal vise heile kommunen sitt budsjett, fordelt på typar av inntekt, innbetalingar og bruk av avsetningar, samt utgifter, utbetalingar og avsetningar, jf. budsjettforskrifta § 12. Oversiktene skal ikkje vedtakast av kommunestyret, og er derfor ikkje bindande fordi dette ikkje kan kombinerast med at kommunestyret vedtar rammebudsjett på hovudutvalsnivå.

2.2.2.2 Rammeområde i årsbudsjettet
Kommunen har fylgjande rammeområde i perioden 2016-2019:

  • formannskapet
  • oppvekstutvalet
  • helse og omsorgsutvalet
  • MULTEK-utvalet
  • finansiering, som inkluderer driftstilskotet til Gloppen kyrkjelege fellesråd.

Innanfor kvart hovudutvalsområde har einingane sitt eige ansvarsnummer som fastsett i den interne kontoplanen. Rådmannen fordeler budsjettet på desse ansvara innanfor det enkelte hovudutval sitt rammeområde.

Når kommunestyret vedtek ei innsparing for eit hovudutvalsområde, skal denne så langt som mogeleg spesifiserast.

2.2.2.3 Økonomiplanen
Økonomiplanen skal vise endringar i drifta, planlagde investeringar og konsekvensane av endringar og tiltak i planperioden.

2.2.3 Behandling av økonomiplanen og årsbudsjettet

Behandlinga av økonomiplanen og årsbudsjettet skal skje i samsvar med kommunelova §§ 44 og 45 og budsjettforskrifta §§ 3, 4 og 15.

2.3 Disposisjonsfullmakt i budsjettsaker

Kommunestyret vedtek budsjettet som ei nettoramme pr. hovudutvalsområde, jf. kap. 2.2.2. I tillegg skal kommunestyret gje mål og forutsetningar for tildelinga.

Budsjettet skal følgjast opp for å vurdere om nettoramma på eit gjeve tidspunkt er overskriden eller ikkje, jf. kap. 6.1 om rapportering. Har ei eining overskride budsjettet, skal rådmannen vurdere om overskridinga er slik at det vil gå ut over den tildelte ramma for hovudutvalsområdet, og om kommunestyret si løyving på årsbasis dermed ikkje er nok. Kan ikkje overskridinga på eit hovudutvalsområde, etter rådmannen si vurdering, dekkjast inn i løpet av året, legg rådmannen fram sak for kommunestyret om tilleggsløyving.

Rådmannen har tilvisingsrett for heile budsjettet og ansvaret for at budsjettreglementet blir følgt. Tilvisingsretten kan delegerast til sektorleiarane og einingsleiarane.

Rådmannen har vidaredelegert tilvisingsrett til sektor- og einingsleiarane. I driftsbudsjettet følgjer tilvisingsretten det enkelte ansvarsområdet i kontoplanen. I investeringsbudsjettet følgjer tilvisingsretten det enkelte investeringsprosjekt.

2.3.1 Kommunestyret sin kompetanse

Drift
Kommunestyret skal gjere vedtak i årsbudsjettsaka, slik kommunelova § 45 og budsjettforskrifta § 4 syner. Kommunestyret skal sjølv vedta eit budsjett som er sett opp minimum slik vedlegg 1A i budsjettforskrifta syner, jf. kap. 2.2.2.

Kommunestyret skal, i samband med den økonomiske ramma, gje mål og forutsetningar for tildelinga, jf kommunelova § 45, nr 4. Mål og forutsetningar skal utarbeidast i den grad det er nødvendig for å klargjere kva kommunestyret ynskjer å oppnå med løyvinga.

Kommunestyret skal sjølv gjere budsjettjusteringar som vedkjem

  • sum frie disponible inntekter
  • finansutgifter netto
  • avsetningar netto
  • finansiering av utgifter ført opp i investeringsbudsjettet, jf. budsjettskjema 1A.

Kommunestyret sjølv skal gjere budsjettjusteringar om løyvinga til eit hovudutvalsområde er overskride.

Kommunestyret skal sjølv disponere ikkje-budsjetterte inntekter på over kr 500.000 innanfor eitt hovudutvalsområde.

Investering
Kommunestyret skal vedta investeringsbudsjettet si inntektsside og fordele ramma på dei enkelte prosjekta, jf. budsjettskjema 2A+B.

Kommunestyret sjølv skal gjere endringar i investeringsbudsjettet, på same nivå som dette er vedteke på budsjettstadiet, dvs. dersom inntekts- og/eller utgiftspostar på eit prosjekt må aukast.

2.3.2 Avgrensingar i fullmaktene som følgjer

Fullmaktene frå kommunestyret til formannskapet, hovudutvala og rådmannen etter dette reglementet er avgrensa til budsjettsaker som ikkje gjeld:

  • tiltak som vil gje kommunen kostnader utover økonomiplanen sine rammer
  • tiltak som strider mot dei mål, forutsetningane og prioriteringar som er lagde til grunn for kommunestyret sitt vedtak
  • igangsetjing av nye tiltak eller omfattande utvidingar av eksisterande
  • disposisjonar som må reknast som ekstraordinære eller som går utover vanleg standard.

2.3.3 Fullmakt til formannskapet

Formannskapet er kommunen sitt økonomiutval, og skal som økonomiutval innstille til kommunestyret i desse sakene:

  1. endringar i investeringsdelen og finansieringsdelen av årsbudsjettet og økonomiplanen
  2. opptak av lån, inngåing av avtalar om leasing og vedtak om kommunale garantiar
  3. kjøp og sal av eigedom, unnateke tomter i kommunale bustadfelt
  4. avtalar om langsiktig leige og utleige av eigedom og lokale
  5. budsjettendringar som går utover dei fullmaktene som hovudutvala har
  6. økonomireglementet.

I tillegg kjem dei lovpålagde sakene etter §§ 8, nr 3 og 48, nr 3 i kommunelova.

Fullmaktene som formannskapet har som hovudutval følgjer av kap. 2.3.4

2.3.4 Fullmakter til hovudutvala

Med dei avgrensingar som følgjer av kap. 2.3.2 i tillegg til budsjettforskrifta, gjeld følgjande fullmakt:

  • Hovudutvala får fullmakt å gjere budsjettendringar innanfor same rammeområdet. Føresetnaden er at netto ramme ikkje er overskride.
  • Hovudutvala får fullmakt til å disponere meirinntekter på opptil kr 500.000,- på det einskilde ansvarsområdet innanfor det enkelte hovudutvalet sitt budsjettområde. Meirinntekter utover dette skal disponerast av kommunestyret. Unnateke er refusjonar, der fullmakta følgjer den faktiske refusjonen.
  • Hovudutvala skal budsjettjustere innanfor sitt budsjettområde når samla utgifter kan bli større enn budsjettert eller ved inntektssvikt, innanfor eitt eller fleire ansvar. Dette gjeld sjølv om hovudutvalet på budsjettområdet er innanfor tildelt løyving frå kommunestyret.
  • Sak om eventuell tilleggsløyving på eit hovudutvalsområde skal til kommunestyret. Saka skal først fremmast når det ikkje er råd å omdisponere innan eige budsjettområde.

2.3.5 Fullmakter til rådmannen

Med dei avgrensingar som følgjer av kap. 2.3.2 og 2.3.4, i tillegg til budsjettforskrifta, gjeld følgjande fullmakt:

  1. Rådmannen får fullmakt til overføring av budsjettbeløp i investeringsbudsjettet som følgje av forskyving i framdrifta av prosjektet, ved at budsjettbeløp vert redusert i rekneskapsåret og overført til påfølgjande budsjettår. Prosjekta sine totalbudsjett kan ikkje endrast.
  2. Rådmannen får fullmakt til å disponere meirinntekter på opptil kr 300.000,- på det einskilde ansvarsområde Meirinntekter utover dette skal disponerast av formannskapet/hovudutvala. Unnateke er refusjonar, der fullmakta følgjer den faktiske refusjonen.
  3. Rådmannen får fullmakt til å auke ein utgiftspost innan drifts- eller investeringsbudsjettet, dersom det skjer ved bruk av ei tidlegare avsetning til fond til vedkomande føremål.
  4. For øyremerka statstilskot følgjer fullmakta det faktiske tilskotet, dersom det ikkje alt er kommunal løyving på tenesta. Er det kommunal løyving på tenesta, skal saka leggast fram for kommunestyret, som vurderer om tilskotet skal kome i tillegg til den kommunale løyvinga, eller erstatte den.
  5. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån i samsvar med det vedtekne budsjettet, og refinansiere eksisterande lån. Her gjeld i tillegg kommunen sitt finansreglement.
  6. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre pliktige strykingar for å redusere eit rekneskapsmessig underskot, i samsvar med rekneskapsforskrifta § 9, jf. kap. 5.3.2.

Rådmannen sine fullmakter etter pkt. 1 og 6 er delegert til økonomisjefen. Rådmannen si fullmakt etter pkt. 2 er delegert til den aktuelle sektorleiaren.

Rådmannen skal syte for at nødvendige budsjettdokument vert utarbeidd og innsendt til fylkesmannen i samsvar med budsjettforskrifta § 15.

2.3.6 Kommunale føretak

Reglementet gjeld også for verksemd i kommunale føretak etter kommunelova kapittel 11 og interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27.

Gloppen kommune har for tida ikkje kommunale føretak.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter