1.1 Bakgrunn
Reglementet gjeld for fokevalde organ og administrasjonen.
Bakgrunn for kommunen sitt økonomireglement er kommunelova med desse forskriftene om budsjett, rekneskap og finansforvaltning:
Forskriftene er hovudsakleg overordna og rammeprega, og det er derfor nødvendig for den enkelte kommune å fastsette ytterlegare reglar innanfor økonomiområdet i eit eige økonomireglement.
1.2 Føremål
Føremålet med økonomireglementet er:
- Å omtale kommunen sitt økonomi- og rekneskapssystem
- Å legge til rette for ei effektiv og forsvarleg økonomiforvaltning i kommunen
- Å legge til rette for ei god økonomistyring
- Å gje dei folkevalde eit godt grunnlag for avgjerd
- Å dokumentere viktige økonomirutinar.
Økonomireglementet er bygd opp med budsjett- og rekneskapsteori saman med rutinar for korleis kommunen løyser dei viktigaste spørsmål i eigen økonomiforvaltning.