Retningslinjer for landbruksfondet i Gloppen

Retningslinjene vart vedteke av kommunestyret den 29. april 2002, sak 20/02.

Retningslinjene er sist endra av kommunestyret den 20. juni 2011 i k-sak 22/11.

Namnet på fondsstyret er endra av rådmannen i samsvar med gjeldane hovudutvalsmodell.

1 Fondskapital, avkasting og fondsstyre
Fondskapitalen er kr 650.000,- som vart tildelt Gloppen kommune i samband med utbygging av Sagefossen og Skogheim kraftverk i Hyen. Rentene av fondet - som ikkje blir delt ut som tilskot - kan leggjast til grunnkapitalen.

Grunnkapitalen skal stå urøyvd og plasserast i samsvar med kommunen sitt reglement for finansforvaltning. Inntente og oppsparte renter som ikkje er tillagt grunnkapitalen, er frie midlar og skal nyttast til tiltak som bestemt i dette reglementet.

Frie fondsmidlar som ikkje blir disponerte same året, skal setjast av til bruk i seinare år.

MULTEK-utvalet er styre for fondet.

2 Formål
Dei frie fondsmidlane skal nyttast til landbruksfremjande tiltak i Gloppen kommune, herunder også miljøfremjande tiltak i landbruket.

3 Bruk av fondet
Midlane frå landbruksfondet skal brukast i Hyen. Dette gjeld i første rekke Vestre Hyen-området, og særleg då dei som eig og grensar til Storefjorden og Storevatnet. Dersom det ikkje er søknader herifrå som oppfyller krava for løyving, kan rentemidlar samlast opp over fleire år, tilførast grunnkapitalen.

Tiltak som blir til nytte for fleire, skal ha førerett framfor tiltak som blir til nytte for berre eitt bruk. Fondsstyret må likevel sjå til at det mest mogleg vert ei rettferdig fordeling mellom gardar og mellom bruk.

Det kan ikkje nyttast fondsmidlar til å dekkje kostnader som blir dekt av offentlege tilskot. Dei kan heller ikkje nyttast til å dekkje kostnader som er eller blir dekt av erstatningar gjeve for å bøte på skader påført ved offentlege utbyggingstiltak.

Til skogsvegar som har fått statstilskot, kan det gjevast opptil 55 % av eigenandelen. Til landbruksformål som ikkje får offentleg tilskot, kan det gjevast opptil 50 % av anleggskostnaden, for jorddyrking maksimalt kr 2.000,- pr dekar.

4 Saksbehandling og utbetaling
Søknader om tilskot frå fondet skal sendast Gloppen kommune. Saman med søknadene må det sendast plan og kostnadsoverslag som er landbruksfagleg godkjent.

Fondsstyret kan tildele same tiltak midlar i fleire år etter ein oppsett plan for tiltaket. Fondsstyret kan likevel ikkje gje bindande tilsegn om tilskot for meir enn 5 år framover.

Tilskot frå rentemidlane av landbruksfondet skal - etter tildelinga i 2006 - utbetalast annakvart år. Det må leggast fram tilfredsstillande dokumentasjon for utgiftene.

Tilskot til private næringsdrivande frå landbruksfondet skal meldast til likningskontoret. Tilskot skal ikkje tildelast dersom søkjar har uoppgjort skatte- eller avgiftsrestanse.

Rådmannen (1) fører kontroll med at føresetnadene for å få tilskot blir oppfylte og tilviser tilskota for utbetaling.

(1) Delegert til landbrukssjefen.

5. Klage
Vedtak i fondsstyret for landbruksfondet kan påklagast så langt desse er enkeltvedtak etter reglane i forvaltningslova. Klageorgan er formannskapet.

6. Endringar av reglementet
Grunneigarlag, bondelag og skogeigarlag med tilknyting til utbyggingsområdet har rett til å uttale seg dersom reglementet for landbruksfondet skal endrast.

Fondsstyret har fullmakt til å avgjere endringar i tilskotssatsar i reglementet.
 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter