Retningslinjer for kommunen si behandling av søknader om småkraftutbygging i Gloppen

Vedtekne av kommunestyret den 12. juni 2006.

Gloppen kommunestyre er positiv til at det kan byggast ut småkraftverk i kommunen. Før kommunestyret tek avgjer til den einskilde søknad skal kommunestyret vurdere:

  • Visuelt inntrykk etter utbygging
  • Innverknad på det tradisjonelle landbruket (resipient, flaum m.m.)
  • Tilhøvet til anna næring (t.d. turistnæring, utmarksnæring)
  • Naturinngrep ved utbygging
  • Den samla utbygginga i området
  • Kraftlineføring
  • Kor stor del av vassdraget som er tenkt utnytta
  • Økonomi
  • Eigarskap.

Det vil normalt ikkje bli tilrådd utbygging i område som det allereie er lagt vernerestriksjonar på.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter