Retningslinjer for Gloppen kommune sitt næringsfond

Vedtekne av kommunestyret den 21. desember 2009, sak 56/09.

Sist endra av kommunestyret den 17. juni 2016 i sak 65/16.

I: Formål

Målet med det kommunale næringsfondet er å styrke Gloppen kommune sitt lokale næringsutviklingsarbeid med utgangspunkt i dei lokale føresetnadene som kommunen har.

Næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av nye bedrifter og til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Fondet kan òg nyttast til kompetansehevande tiltak for ulike bransjar i kommunen med særskilde behov. Støtta blir gjeve i form av tilskot.

II: Støttetypar

a) Bedriftsutviklingstilskot/etablerarstipend
Eksempel på aktuelle tiltak er søknader om etablerarstipend, kompetansehevande tiltak, marknadsføring, produktutvikling, marknadsundersøking og levekostnader.

Slike søknader kan få inntil 50 % støtte. Dersom etableringa er nyskapande og det står kvinner/ungdom bak tiltaket, kan offentleg støtte utgjere 75 % av kostnadsgrunnlaget, jf EØS-regelverket.

b) Investeringstilskot
Eksempel på dette kan vere maskiner/utstyr til oppstarting og utviding av verksemda.

Slike søknader kan få inntil 20% av det totalte kostnadsgrunnlaget, jf EØS-regelverket.

c) Kurs/kompetansehevande tiltak for bransjar i kommunen
Det kan gjevast støtte frå næringsfondet på opp til 50 % av kostnadene til kurs og opplæring i ulike næringar i kommunen.

d) Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur
Det kan gjevast støtte til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser/utgreiingar.

III: Støttevilkår*

Tiltak som fremjar sysselsetting blant ungdom og kvinner skal prioriterast. Fondet skal prioritere etableringar som fell utanfor ordningar til Innovasjon Norge og andre deler av det offentlege virkemiddelapparatet.

Ved fordeling av midlane vil kommunen vil prioritere satsingsområda som er omtala i strategisk næringsplan.

Tiltaka som vert støtta bør vere supplerande eller nyskapande tiltak, og gje ein positiv verknad for lokalsamfunnet. Fondet kan ikkje nyttast til ordinær drift, gjeldssanering eller til å teikne aksjar i private verksemder.

Det er ingen søknadsfrist for fondet, og fondet kan vere brukt opp på slutten av året.

* endra av kommunestyret 17. juni 2016.

IV: Overordna regelverk

Det er fylkeskommunen som tildelar midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane, og kommunen er bunden av det regleverket som ligg til grunn for tildelinga.

V: Kapitalbehov

Det vert årleg fastsett ei kapitalgrense som ei form for arbeidsdeling mellom det kommunale næringsfondet og Innovasjon Norge. Kapitalbehovsgrensene vert fastsett i samband med det årlege rammetildelingsbrevet frå fylkeskommunen til departementet.

VI: Forvaltning av fondet*

Formannskapet i Gloppen er fondsstyre og har delegert mynde til å ta endeleg avgjerd når det gjeld bruk av fondsmidlane. Rådmannen er ansvarleg for førebuing av sakene som blir lagde fram for fondsstyret.

Rådmannen1) har delegert mynde til å tildele tilskot frå næringsfondet med inntil kr 50.000,- i året. Fullmakta kan nyttast til støttetypane II a) og II b) i retningslinjene.

Rådmannen skal kvart år utarbeide ein rapport om bruk av fondet. Denne rapporten skal gjevast som orientering til kommunestyret, fylkeskommunen og kommunaldepartementet.

Inntil 75% av tilskotet kan utbetalast når prosjektet er igangsett. Resterande 25% vert utbetalt når prosjektet er avslutta og sluttrapport og rekneskap er godkjend av rådmannen.

Søkjarar som har fått innvilga støtte må innan eitt år be om sluttutbetaling etter tildeling, viss ikkje fell tilskotet vekk. Det kan i spesielle tilfelle søkjast om utsetting av fristen.

* endra av kommunestyret 17. juni 2016
1) Fullmakta er delegert til næringssjefen frå 6. september 2019.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter