Retningslinjer for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune

Vedtekne av kommunestyret den 19. desember 2016 i sak 101/16.

I: Generelt

§ 1-1 Rammer for retningslinjene
Gloppen kommune sine retningslinjer for forvaltning av viltfondet er sett opp innafor rammene av ”forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort”.

§ 1-2 Fondsstyre
Fondsstyre for viltfondet i Gloppen kommune er MULTEK-utvalet.

II: Inntekter

§ 2-1 Viltfondet sine inntekter
Som inntekter til fondet blir rekna:

  1. Offentleg fellingsavgift for hjort fastsett av kommunen etter § 6 i forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort. Gloppen kommune skal nytte dei maksimale satsane for fellingsavgifter fastsett av Miljødirektoratet for vaksen hjort (2,5 år og eldre). For kalv og ungdyr blir rekna halv fellingsavgift.
  2. Tilskot frå det statlege viltfondet og årlege tilskot frå Fylkesmannen til viltforvaltninga i kommunen.
  3. Renteinntekter av inneståande fondskapital.
  4. Inntekter frå omsetning av ulovleg felt vilt, fallvilt av hjortevilt og hjortevilt som blir felt etter vedtak i medhald av § 18 i naturmangfaldslova. Ved omsetning av slikt hjortevilt er prisen kr 80,- per kilo pluss mva. rekna i 2017-kroner. Prisen kan regulerast kvart år etter konsumprisindeksen. Utgangspunktet for reguleringa er indeksen den 15. januar 2017.

III: Utgifter

§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet

Fondet kan brukast til:

1. Styrke kunnskapen om viltet og tiltak for å fremje god viltforvaltning, her under

  • kjøp av avtalar om årleg fagleg bistand til kommunen
  • kostnader med fagmøter
  • generell viltkartlegging i regi av kompetente organisasjonar
  • tilskot til forskingsprosjekt om hjorten med relevans for Gloppen kommune
  • deltaking i interkommunale prosjekt for å heve kunnskapsnivået om viltet med sikte på å gje betre grunnlag for viltforvaltninga
  • tilskot til prosjekt og kurs i regi av lag og organisasjonar som arbeider for å fremje kunnskapen om vilt, jakt og god viltforvaltning
  • kostnader knytt til generell kunnskapsformidling om vilt og viltforvaltning
  • tilskot til andre tiltak som er eigna til å heve den generelle jeger- og jaktkompetansen
  • honorering av vald som medverkar til innsamling av hjortekjevar med 40 kr pr. kjeve.
  • tilskot til og honorering av vald med bestandsplan som medverkar til innsamling av data til bruk i hjorteforvaltninga etter desse reglane:
  • sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet: inntil 5 % av fellingsavgifta
  • sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet der alle jaktfelt leverer på «settogskutt.no»: inntil 10 % av fellingsavgifta
  • vårteljing i 80 % av alle jaktfelt i valdet: 5 % av fellingsavgifta

2. Jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommunar gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen sjølv:

  • Tilskot til vald som utarbeider bestandsplan for forvaltning av hjort. Tilskotet skal kunne dekkje utgifter til ekstern kompetanse, møteutgifter i planarbeidet, og kontorutgifter til planproduksjonen. Tilskot kan òg gjevast ved fornying av bestandsplanar
  • Årlege tilskot til drift av vald med bestandsbasert hjorteforvaltning med inntil 20 % av innbetalt fellingsavgift frå valdet. Tilskotet kan utbetalast når valdet legg fram rekneskap for siste år og budsjett for komande år
  • Tilskot til eller honorar for tiltak i område med bestandsplan som har til føremål å heve eigen kompetanse innan hjorteforvaltninga.

3. Dekke kommunen sine utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen:

  • Viltfondet skal dekkje kommunen sine reelle utgifter til ettersøk og handtering av alle typar skadd vilt og fallvilt i samsvar med gjeldande forskrift
  • Viltfondet kan vidare gje tilskot til skogrydding og andre tiltak i område med vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort.

4. Tilskot til tiltak for å førebyggje skader på landbruksnæring gjort av hjortevilt. Etter søknad kan det gjevast inntil 50 % tilskot til i spesielt utsette område å førebyggje skade på jordbruksvekstar som frukt og bær, grønsaker m.m. og grasavling. Tilskotet kan gjevast til inngjerding eller til faste innretningar som tek sikte på å avskrekke eller skremme hjorten vekk frå skadeområdet. Føresetnaden for å gje tilskot er at tilhøyrande jaktvald forvaltar hjorten på ein måte som ikkje gjev stort skadepress, eller at skadelidne sjølv ikkje har noko å seie i forvaltninga av hjortestammen i området. Søknad må leverast same år som tiltaket er sett i verk eller er tenkt sett i verk.

IV: Delegasjon og iverksetjing

§ 4-1 Delegasjon
Forvaltning av viltfondet er lagt til rådmannen1). Søknader om tilskot på kr 20.000,- eller meir, eller til tiltak som ikkje klart går fram av retningslinjene, skal likevel behandlast av fondsstyret.

MULTEK-utvalet har fullmakt til å gjere mindre endringar i retningslinjene.

1) Delegert til utmarksforvaltaren den 21. desember 2016.

§ 4-2 Iverksetjing
Retningslinjene gjeld frå 1. januar 2017.

Frå same dato blir retningslinjer for forvaltning av viltfondet i Gloppen vedtekne av kommunestyret den 29. september 2008, oppheva. 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter