Reglar for undergaranti i elveforbyggingssaker i Gloppen
Reglane vart vedtekne av kommunestyret den 26. august 1991.
1.
Før kommunen gjer vanleg skjemavedtak i elveforbyggingssaker, skal interessentane i forbygginga ha gjeve kommunen full undergaranti for det ansvaret kommunen tar på seg overfor NVE i saka.
2.
Undergarantien skal sikrast med tinglyst pant i eigedomane til interessentane.
3.
Følgjande reglar gjeld for undergarantien:
- Alle interessentane i ei elveforbygging skal som hovudregel yte undergaranti til kommunen. Fordelinga av undergarantiansvaret er interessentane sitt ansvar. Dersom interessentane ikkje blir samde om fordelinga, skal denne fastsettast av jordskifteverket med endeleg verknad.
- Storleiken på pantet som skal sikre undergarantien, skal avgrensast til kr 35.000,- etter kroneverdien i juni 1991. Beløpet skal indeksregulerast fortiøpande etter SSB sin byggekostnadsindeks. Utgangspunktet for reguleringa er indeksen pr 15.06.1992 på 223,2 poeng.
4.
Formannskapet har fullmakt til å gjere skjemavedtak når det er gjeve undergaranti som oppfyller desse krava.
Publisert avJan Kåre Fure
Publisert09.05.2019 15.09