Kommunal forskrift til lov om motorferdsel i utmark

Fastsett av Gloppen kommunestyre 16. juni 2014 (sak 36/14) med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag §§ 4 tredje ledd og 5.

§ 1 Hovudregel
I medhald av § 4 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag er ferdsle med motorfartøy på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer forbode i Gloppen kommune.

§ 2 Unntak
Utan hinder av § 1 er det lov å bruke motorfartøy med elektrisk motor på fylgjande vassdrag i Gloppen kommune:
-
Traudalsvatnet
-
Langedalsvatnet
-
Hopsvatnet
-
Skillbreivatnet
-
Bergheimsvatnet
-
Åvatnet
-
Ommedalsvatnet
-
Røyrviksvatnet
Dalevatnet
-
Rambergvatnet.

§ 3 Vilkår for bruk
Motorferdsle under § 2 er berre tillete i samband med:
-
Materialtransport i samband med nybygging og vedlikehald av hus, sel og hytter
-
Næringsverksemd
-
Kultivering av fiskevatn.

§ 4 Fartsreglar for motorfartøy
Maksimal fart vert sett til 5 knop (1 knop tilsvarar 1,852 km/t).

Førar av fartøyet skal til ei kvar tid tilpasse farten slik at ho/han er omsynsfull, aktsam og varsam i forhold til omgjevnadene og miljøet, og slik at det ikkje kan oppstå fare eller gjerast skade på grunn av bølgjer frå fartøyet eller på annen måte.

§ 5 Ferdsel i landskapsvernområde
Reglane i denne forskrifta fritar ikkje for søknadsplikten hjå Naustdal-Gjengedal verneområdestyre ved bruk av elektrisk påhengsmotor i landskapsvernområdet.

§ 6 Dispensasjon
Når særlege grunner ligg føre, kan rådmannen etter søknad dispensere frå reglane i denne forskrifta.

§ 7 Straff
Brot på reglane i denne forskrifta, eller medverknad til dette, vert straffa i høve til § 12 i motorferdselslova.

§ 8 Iverksetting
Denne forskrifta trer i kraft straks ho er vedteken av kommunestyret i Gloppen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter