Forskrift om opningstider for serveringsstader i Gloppen
Fastsett av kommunestyret den 10. mai 2010, sak 21/10.
§ 1 Heimel og verkeområde
Denne forskrifta er fastsett i medhald av § 15 i serveringslova, og gjeld for alle verksemder som har serveringsløyve i Gloppen kommune.
§ 2 Opningstider
Opningstidene for serveringsverksemdene skal vere mellom kl 06:00 og kl 03:00.
§ 3 Iverksetting
Forskrifta gjeld frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend (20. mai 2010), og blir iverksett den 10. august 2010, som er tre månader etter vedtaksdato.
Publisert avJan Kåre Fure
Publisert09.05.2019 15.06