Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal

Fastsett av Gloppen kommunestyre den 17. juni 2016, sak 63/16 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 og forskrift 1. januar 2016 nr. 12 om forvaltning av hjortevilt §§ 5 og 6.

§ 1 Opning for jakt
Det er høve til å jakte etter hjort i Gloppen kommune.

§ 2 Minsteareal
Minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyve i Gloppen kommune vert sett til:
a) 800 dekar for vald i Austre Hyen og Venstre Hyen
b) 500 dekar for resten av kommunen.

§ 3 Iverksetting
Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter