Forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel i Gloppen kommune

Fastsett av Gloppen kommunestyre 25. september 2006 med heimel i forskrift av 4. juli 2003 om gjødselvarer mv av organisk opphav, § 23, 3. ledd.

Fristen i § 2 er seinast endra av kommunestyret den 20. juni 2018, i sak 33/18.

§ 1
Forskrifta gjeld siste frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten, og gjeld heile Gloppen kommune.

§ 2
I medhald av Forskrift om gjødselvarer av organisk opphav av 4. juli 2003, vert siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding, i Gloppen kommune sett til 20. september.

(Endra av kommunestyret den 20. juni 2018)

§ 3
Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato (25. september 2006).

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter