Retningslinjer for kulturprisen

Retningslinjene vart vedtekne av kulturutvalet den 8. oktober 1991.

1.
Namnet på prisen er "Kulturpris for Gloppen kommune."

2.
Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeid i Gloppen kommune.

3.
Administrasjonen og utdelinga av kulturprisen er lagd til kulturutvalet* i Gloppen. Storleiken på kulturprisen vert avgjort av kulturutvalet*, og det må vere gjort før utlysing av prisen.

4.
Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evner og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

I særlege høve kan prisen delast ut til personar som har gjort kulturarbeid som særleg har kome Gloppen kommune tilgode, og som ikkje er busett i kommunen.

Kulturprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller til landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar, heller ikkje til personar som er tilsette av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern.

5.
Kulturutvalet* i Gloppen syter for å gjere prisen kjend og set fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 2 - to - månaders varsel skal kulturutvalet* kunngjere fristen i pressa. Framlegg til kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organinsasjonar, og skal vere skriftlege, og med grunngjeving for framlegget.

Kulturutvalet* kan sjølve gjere framlegg om kandidatar og vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.

6.
Kulturutvalet* i Gloppen gjer vedtak om prisen skal utdelast, kven som skal få prisen, og i tilfelle deling, kor stor del kvar skal få. Det skal ikkje knytast særlege vilkår for korleis mottakaren nyttar prisen.

7.
Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidatar eller kva utfall evt. avrøysting mellom kandidatane fekk.

Kulturutvalet* skal grunngje vedtaket om tildelinga av kulturprisen.

8.
Vinnaren av kulturprisen får tildelt diplom.

* No teknisk, miljø- og kulturutvalet.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter