Retningslinjer for eldsjelprisen "Årets gloppar"

Retningslinjene vart vedtekne av kommunestyret den 16. juni 2014 (sak 42/14).

1.
Namnet på prisen vert, «Årets gloppar», i Gloppen kommune.

2.
Prisen for «Årets gloppar» skal gå til ein person eller fleire som har utøvd ein ueigennyttig innsats i Gloppen kommune. Prisen skal inspirere til vidare innsats og utvikling, og han skal også vere ei takk og ein heider til eit menneske eller fleire som har gjort ein stor innsats for å fremje gode samfunnsverdiar – som samhandling og trivsel, glede, helse, fellesskap, ærlegdom, solidaritet, lojalitet, engasjement og frivillig arbeid.

3.
Administrasjon og utdelinga av prisen er lagd til kultur- og miljøutvalet.

4.
Kultur- og miljøutvalet sørgjer for å gjere prisen kjend, og set fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst to månaders varsel skal utvalet kunngjere fristen i pressa. Alle som ønskjer det, kan kome med framlegg til kven som bør få prisen.

5.
Kultur- og miljøutvalet kan sjølve gjere framlegg om kandidatar og vurdere andre kandidatar enn dei det har kome framlegg om.

6.
Kultur- og miljøutvalet vedtek om prisen skal delast ut og kven som skal få han.

7.
Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidatar eller kva utfall ei eventuell avrøysting mellom kandidatane fekk. Kultur- og miljøutvalet skal grunngje vedtaket om tildeling av prisen.

8.
Vinnaren av prisen «Årets gloppar» får tildelt diplom og ei høveleg gåve.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter