Retningslinjer for byggeskikkprisen for Gloppen kommune

Vedtekne av kommunestyret den 18. juni 2007, sak 29/97.

  1. Namnet på prisen er "Byggeskikkpris for Gloppen kommune".
  2. Føremålet med prisen er å medverke til auka forståing for verdien av god byggeskikk, både ved nybygg og ved istandsetting eller endringar av eksisterande bygningsmiljø, samt uteanlegg i kommunen.
  3. Administrasjonen og utdelinga av byggeskikkprisen er lagd til teknisk, landbruk og kulturutvalet i Gloppen.
  4. Byggeskikkprisen kan gjevast til tiltakshavar for nybygg, tilbygg, rehabilitering og uteanlegg som er godt tilpassa omliggande bygningsmiljø og/eller natur- og kulturlandskap og/eller som har arkitektonisk særpreg, nyskapande formspråk/materialbruk og gode miljøvenlege energiløysingar.
  5. Teknisk, landbruk og kulturutvalet i Gloppen syter for å gjere prisen kjend og set fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 2 - to - månaders varsel skal utvalet kunngjere fristen i pressa. Alle som ynskjer det kan kome med framlegg til kven som bør få prisen.
  6. Teknisk, landbruk og kulturutvalet kan sjølve gjere framlegg om kandidatar og vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.
  7. Teknisk, landbruk og kulturutvalet i Gloppen gjer vedtak om prisen skal utdelast og kven som skal få prisen.
  8. Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidatar eller kva utfall evt. avrøysting mellom kandidatane fekk. Teknisk, landbruk og kulturutvalet skal grunngje vedtaket om tildelinga av byggeskikkprisen.
  9. Vinnaren av byggeskikkprisen får tildelt diplom.
   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter