Retningslinjer for tildeling av parkeringsløyve

Fastsette av kommunestyret den 29. april 2020 i sak 33/20.

For tildeling av parkeringsløyve gjeld sentral forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede.

I tillegg gjeld desse retningslinjene i Gloppen kommune:

Parkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som på grunn av vesentleg nedsett forflytningsevne har eit særleg behov for enklare parkering på ein eller fleire konkrete stadar. Dette gjeld personar som ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde, til dømes rullestolbrukarar. Vurderinga av behovet skal gjerast i forhold til dei stadane der søkjar normalt parkerer, dvs. at det er det vanleg og normale parkeringsbehovet som skal vektleggast, ikkje tenkte behov. Behovet skal vere regelmessig (vekentleg).

Kven skal prioriterast ved tildeling av parkeringskort?

  • Søkjarar med behov for parkering ved bustad eller arbeid
  • Søkjarar med behov for parkering i samband med regelmessige aktivitetar (det må opplysast konkret om kor dette foregår og kor ofte søkjar er der). Døme på aktivitetar er møteverksemd, nødvendige ærend, fritidsaktivitetar o.l.
  • Søkjarar som har rullestolheis eller rampe i bilen
  • Søkjarar med behov for hyppige helserelaterte besøk til behandlingsstad (fysioterapi, sjukehus) og som ikkje kan bruke ordinære parkeringsplassar
  • Søkjar som er passasjer og ikkje kan forlatast utan tilsyn sjølv for kortare tid. Dette vil gjelde for t.d. sterkt psykisk utviklingshemma og barn og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv

Kven blir ikkje prioriterte?

  1. Søkjarar som berre enkelte gonger har behov for parkeringsløyve
  2. Søkjarar som har problem med å bere varer. Dette kan løysast ved av- og pålessing og ved å bruke eigna hjelpemiddel til å transportere med seg varene frå/til bilen

Elles gjeld

Parkeringsløyvet er ikkje ei økonomisk støtteordning. At det blir gjeve økonomiske fordelar (t.d. gratis parkering på offentlege plassar med parkeringsgebyr og gratis passering i bomringar) til personar som får tildelt parkeringsløyve, er noko som ikkje skal påvirke behandlinga av søknaden. Det er personen med nedsett forflyttningsevne som skal nyte godt av ordninga, ikkje folk med funksjonsnedsetting generelt. Legeerklæringa er berre det medisinske grunnlaget for å vurdere behovet for parkeringsløyve. Det er ikkje nok å vise til kva legen har skrive i legeerklæringa. Det er i sjølve søknaden at du må legge fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette.

Tildeling og klage

Kommunedirektøren1) tildeler parkeringsløyva. Klage på kommunedirektøren1) sine vedtak blir behandla av klageorganet i personsaker, som gjer endeleg vedtak.

1) Delegert til servicetorget v/organisasjonssjefen.

Rettleiing til søkjar

Søknaden
I søknadsskjemaet er det ulike forhold som kommunen må ha svar på. Søknaden kan først behandlast når kommunen får fullstendige opplysningar om søkjar sitt særlige behov for parkeringslette. Det vil seie at du må skrive kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadane du ofte besøker ikkje kan nyttast. Fyll ut skjemaet nøyaktig og fullstendig slik at dette gir eit godt bilde av behovet ditt. Dette gir også kortare behandlingstid. Søknader som er ufullstendige utfylte, vil bli returnerte før behandling.

Vedlegg til søknaden
Passfoto av deg sjølv og kopi av førarkort dersom du søkjer som førar av bil (kopi av begge sider av førarkortet). Førarar over 75 år må syte for å legge ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens vegvesen etter framlegg av helseattest.

Tenk gjennom

  • kvar er det du har problemer med å parkere og kor ofte er du der?
  • kvifor er det vanskeleg å parkere her?
  • kva slags parkeringsplassar finst her?
  • kva er det som gjer at du ikkje kan bruke dei ordinære plassane her?
  • korleis vil eit parkeringsløyve hjelpe deg på desse bestemte stadane?
  • er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, legg fram dokumentasjon på dette.

 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter