Retningslinjer for tildeling av omsorgslønn

Fastsette av kommunestyret den 12. oktober 2009, sak 38/09

I: Bakgrunn og rammer for ordninga

Omsorgslønn kan ytast som godtgjersle til personar som utfører omsorgsarbeid for pleietrengande som har eit særleg tyngande omsorgsbehov. Det er ikkje rettskrav til omsorgslønn. Kommunen sine økonomiske rammer kan vere med å styre tildeling av omsorgslønn.

II: Retningsliner for tildeling

1.
Omsorgslønn gjeld som ein del av kommunen sitt samla tilbod for pleie- og omsorgstenester. Omsorgslønn kan gjevast som einaste hjelpetiltak eller saman med andre tiltak etter vurdering av omsorgssituasjonen.

Ved tildelinga av omsorgslønn skal funksjonskartlegginga gjennom IPLOS* vektleggast.

 * (IPLOS er ei nasjonalt registrering for helseopplysningar i pleie- og omsorgssektoren og er ei forkorting for Individbasert PLeie- og OmsorgsStatistikk.)

2.
Omsorgslønn skal vurderast som hjelpetiltak når dette blir sett på som den rettaste og beste hjelpa for den omsorgstrengande. I utforminga av totaltilbodet skal synspunkta til brukar vektleggast.

3.
Søknad om omsorgslønn skal vere skrifteleg. I søknaden må den omsorgstrengande sitt hjelpebehov kome tydeleg fram. Hjelpebehovet må vere stadfesta av legeerklæring, funksjonsrapport eller tilsvarande.

4.
Tildeling av omsorgslønn blir gjort etter ei samla vurdering av nødvendig tilsyn og pleie. Tildelinga skjer som timar per veke. Til frådrag i det totale behovet går:

  • timetal som blir tildelt gjennom andre hjelpeordningar
  • timetal som familien skal yte utifrå forsørgjaransvar for barn på same alder.

5.
Kommunen kan krevje at det blir søkt om hjelpestønad til tilsyn og pleie før eventuell tildeling av omsorgslønn blir gjort.

6.
Vedtak om omsorgslønn blir som hovudregel fatta for inntil eitt år om gangen. I særskilde tilfelle kan vedtak fasttast for kortare tid.

7.
Det skal utarbeidast ein oppdragsavtale med omsorgslønnsmottakaren, der målsettinga for hjelpa, omfanget av arbeidet og plikter og rettar er regulerte.

8.
Vedtaket om omsorgslønna skal takast opp til ny vurdering dersom tilhøva endrar seg, her inkludert eventuell auka/endring av tilbod frå andre hjelpeinstansar. Ny vurdering skal leggjast til grunn ved fornying eller avslag på omsorgslønn.

9.
Omsorgslønna fell vekk dersom omsorga opphøyrer for ein periode på meir enn tre veker, t.d. på grunn av institusjon- eller sjukehusopphald. Omsorgslønna opphøyrer straks dersom omsorgsmottakar flyttar frå kommunen eller døyr.

10.
Vedtak om tildeling av omsorgslønn etter desse retningslinene blir gjort av rådmannen eller den som rådmannen gjev fullmakt til. Vedtaket kan påklagast etter gjeldande reglar.

---

Storleiken på omsorgslønna (timesatsen) blir fastsett minst ein gong i året av helse- og omsorgsutvalet.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter