Retningslinjer for tildeling av bustadtilskot i Gloppen

Retningslinjene vart vedtekne av kommunestyret den 19. juni 2019 i sak 39/19.

Desse retningslinjene gjeld i tillegg til Husbanken sine reglar.

1.
Søknad om bustadtilskot skal skrivast på fastsett skjema. Det er den som eig, eller skal eige bustaden, som skal søkje.

2.
Rådmannen (bustadgruppa) avgjer søknadene.

3.
Søkjar kan klage på rådmannen (bustadgruppa) sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på bustadtilskot. Formannskapet er klageinstans.

4.
Bustadtilskot til tilpassing skal berre gjevast til husstandar der minst eitt av medlemane har nedsett funksjonsevne eller over 60 år, og der den økonomiske situasjonen over lengre tid vil vere svært vanskeleg.

5.
Bustadtilskot til etablering i eigen bustad skal berre gjevast til husstandar der

  • minst eitt av medlemane har nedsatt funksjonsevne, eller
  • heile husstanden er i ein sosial krisesituasjon, under sosial rehabilitering/integrering eller
  • har eit heilt særskild bustadbehov

og i tillegg over lengre tid vil kome til å vere i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Bustadtilskot til etablering (kjøp og oppføring) kan normalt berre tildelast ein gong til ein og same mottakar.

6.
Bustadtilskot kan ikkje gjevast til husstandar når brutto årsinntekt er over 3½ G (grunnbeløpet i Folketrygda), med eit tillegg på ½ G for kvar kvart familiemedlem .Med inntekt er meint lønn, pensjon, bidrag og barnetrygd.

7.
Bustadtilskotet kan nyttast til oppføring av ny bustad, kjøp av bustad og/eller utbetring av bustad. Som hovudregel skal resten av finansieringa vere gitt av Husbanken. Tilskot kan likevel gjevast til nøkterne og rimelege bustader som er finansiert på ein annan rimeleg måte.

8.
Bustadtilskot kan nyttast til refinansiering av dyre lån dersom det bidreg til at husstanden får høve til å bli buande i bustaden sin. Bustadtilskot til refinansiering skal berre nyttast i spesielle saker og etter tilråding frå sosialtenesta i kommunen.

9.
Innvilga tilskot over kr 40.000 skal sikrast med pant i eigedomen.

10.
Tilskot over kr 40.000, jfr pkt 9, kan krevjast heilt eller delvis tilbakebetalt, eventuelt gjerast om til rente- og avdragspliktig lån, dersom bustaden vert disponert i strid med føresetnadene som låg til grunn for utbetaling av bustadtilskotet.

11.
Desse retningslinjene gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir retningslinjene vedtekne av kommunestyret den 18. juni 2007 oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter