Retningslinjer for koordinerande eining

Fastsette av rådmannen den 28. februar 2014. 

1. Tilvisingar
Helse- og omsorgstenestelova § 7-3
Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 6.

2. Mål
Målet med koordinerande eining er å:
- Sikre heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med trong for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering
- Ha overordna ansvar for individuell plan
- Ha overordna ansvar for oppnemning, opplæring og veiledning av koordinator.

3. Organisering
Koordinerande eining er samansett av helse- og omsorgssjef, oppvekstsjef og rapporterer til rådmannen. Helse- og omsorgssjef er leiar for eininga og kallar inn til møte to gonger i året og elles ved behov. På desse møta vert system og rutinar evaluerte og endra ved behov. Rapportar frå einingsleiarane over koordinatorar og individuelle planar vert gjennomgådde. Koordinerande eining oppnemner koordinator i dei tilfella tenesteytarane ikkje vert samde om oppnemning av koordinator, jf. prosedyre for oppnemning av koordinator og utarbeiding av individuell plan pkt. 3.1.

4. Ansvar
Koordinerande eining har ansvar for å utarbeide rutinar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning av koordinatorar. Koordinerande eining har ansvar for at koordinator har naudsynt kompetanse til å ivareta rolla si.

Koordinerande eining har ansvar for at retningslinjene er kjende i organisasjonen, for brukarane og for eksterne samarbeidspartar.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter