Retningslinjer for kommunale startlån i Gloppen

Vedtekne av kommunestyret den 19. juni 2019 i sak 39/19.

Desse retningslinjene gjeld i tillegg til Husbanken sine reglar for startlån

  1. Søknad om startlån skal skrivast på fastsett skjema. Det er den som eig, eller skal eige bustaden, som skal søkje.
  2. Rådmannen (organisasjonssjefen) avgjer søknadene.
  3. Søkjar kan klage på rådmannen sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på startlån. Formannskapet er klageinstans.
  4. Startlån er behovsprøvd og skal berre gjevast til barnefamiliar, einslege forsørgjarar, personar med nedsett funksjonsevne , flyktningar, personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og andre økonomisk vanskelegstilte husstandar.
  5. Startlån kan vanlegvis ikkje gjevast til husstandar når årsinntekta er over 3,5 G (med eit tillegg på 1 G for kvart familiemedlem). Med inntekt er meint bruttoinntekt etter siste tilgjengelege likningsoppgåve. Startlån kan ikkje gjevast utan at det ligg føre truverdig dokumentasjon på at den totale lånesummen kan handterast.
  6. Normal nedbetalingstid skal vere 25 år. I samsvar med Husbanken si forskrift kan nedbetalingstida lengast til 30 år, og i heilt spesielle tilfelle kan nedbetalingstida settast til 50 år. I sistenemnde høve må forholda vere i samsvar med § 6 i Husbanken si forskrift om startlån gjeldande frå 01.04.14. Ved låneopptak kan det gjevast inntil 3 år avdragsfritak.
  7. Startlån kan nyttast til oppføring av bustad, kjøp av heilårsbustad og/eller utbetring av bustad. Startlånet skal brukast fleksibelt, og kan gjevast som topplån der det private eller Husbanken gjev grunnfinansiering. Kommunen legg dessutan til grunn at til meir vanskelegstilt husstanden er, til større del av finansieringa bør vere startlån. For særleg vanskelegstilte husstandar kan startlånet brukast i kombinasjon med bustadtilskot.
  8. Startlån kan nyttast til refinansiering av dyre lån dersom det bidreg til at husstanden får høve til å bli buande i bustaden sin. Startlån til refinansiering skal berre nyttast i spesielle saker og etter tilråding frå sosialtenesta i kommunen. Startlån til refinansiering kan ikkje gjevast fleire gonger til same søkjar.
  9. Renter og avdragsvilkår på startlån skal vere slik Stortinget til ei kvar tid fastsett/vedtek. På Husbanken sin ordinære lånesats skal det påplussast 0,25 % til dekking av kostnader med administrasjon av lånet.
  10. Innvilga startlån skal sikrast med pant i eigedomen.
  11. Dersom eigedomen blir seld eller på annan måte overdregen til ny eigar, kan denne søkje om å overta lånet. Kommunen kan, dersom ny eigar ikkje fyller vilkåra for å få innvilga startlån, krevje lånet innbetalt.
  12. Desse retningslinjene gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir retningslinjene vedtekne av kommunestyret den 3. november 2014 oppheva.
   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter