Retningslinjer for handtering av saker der det blir brukt alternative behandlingsmetodar i Gloppen kommune

Vedtekne av kommunestyret den 12. juni 2006.

I: Omfang og utgangspunkt

1-1 Kva område retningslinjene gjeld
Desse retningslinjene gjeld for kommunen si behandling av søknader frå foreldre/føresette om omgjering av kommunale midlar til alternative behandlingsmetodar for barn. Som grunnlag for kommunen si behandling skal det ligge ei fagleg vurdering av om behandlingsopplegget er akseptabelt.

1-2 Kommunen sitt ansvar
Kommunen tek til etterretning at familien ynskjer å nytte ein alternativ treningsmetode, men kommunen kan ikkje tilrå at metoden blir brukt fordi metoden ikkje er ein del av det offentlege behandlingstilbodet i Noreg. Kommunen tek derfor ikkje ansvar for at forventa resultat ikkje kjem.

Kommunen tek heller ikkje ansvar for erstatningsutløysande hendingar som måtte kome i samband med at familien nyttar ein alternativ trenings-/behandlingsmetode. Rett til erstatning i denne samanhengen går fram av opplæringslova, kommunehelselova, sosialtenestelova, lov om psykisk helsevern og pasientrettigheitslova.

1-3 Vedtaksmynde og klage
Vedtak etter desse retningslinjene blir gjort av rådmannen eller den han gjev fullmakt. For klage gjeld reglane i forvaltningslova.

II: Behandling av søknader

2-1 Individuell behandling
Søknad om å få ressursar som er tildelt ved ulike innvilga hjelpetiltak omgjort til pengar skal behandlast individuelt. Vilkåret er at midlane blir nytta til å lønne personale som skal stå for treninga/behandlinga. Utgiftene skal kunne dokumenterast, og familien skal stå som arbeidsgjevar.

2-2 Individuell plan
I den individuelle planen skal det dokumenterast at familien har takka nei til elementa i det ordinære tilbodet som kommunen gjev i slike situasjonar.

I den individuelle planen skriv kommunen frå seg ansvaret for utilsikta verknader av treningsmetoden og for fråvær av forventa resultat.

Gjennom den individuelle planen skal kommunen halde kontakta med familien og slik kunne reetablere dei kommunale tenestene dersom utviklinga i saka går den vegen.

Den individuelle planen skal evaluerast årleg i forkant av evt. ny søknad om kommunale tenester komande år.

2-3 Formidling av hjelpemiddel
Hjelpemiddelformidling kan det vere aktuelt å assistere med også ved alternative metodar. Kommunen kan i slike høve ikkje gje råd om hjelpemiddel i høve kva dei alternative metodane krev; men yte tenester på generelt grunnlag.

III: Iverksetting

3-1 Iverksetting
Retningslinjene gjeld frå vedtaksdato (12. juni 2006).

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter