Retningslinjer for følgjekort til funksjonshemma i Gloppen

Retningslinjene vart vedtekne av kommunestyret den 27. september 2004.

1. Formål
Ordninga med følgjekort skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til auka livskvalitet for den funksjonshemma. Ordninga med følgjekort vil omfatte personar som har ei funksjonshemming som vil vare minst 2-3 år. Ordninga er vedteken av kommunestyret i Gloppen og blir administrert av rådmannen*, men er gyldig for heile landet på dei stadene som aksepterer ordninga.

* servicetorget.

2. Funksjonshemming
Med funksjonshemming er meint at det er eit mishøve mellom individet sine føresetnader og krav frå miljøet og samfunnet si side til funksjon på område som er vesentlege for å etablere og halde ved lag eit sjølvstendig og sosialt tilvere.

3. Følgje
Følgje er den som til ei kvar tid er med den funksjonshemma for at denne skal kunne oppnå målet med ordninga.

4. Følgjekort
Eit følgjekort er eit dokument i form av eit kort som blir skrive ut til den funksjonshemma. Følgjekortet skal gje den funksjonshemma sitt følgje fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel som den funksjonshemma ikkje kunne ha delteke i eller nytta utan følgje. Følgjekortet blir skrive ut gratis av den kommunen søkjaren bur i, og nedre aldersgrense for søkjarar er normalt 8 år.

5. Søknad
Den funksjonshemma søker Gloppen kommune på fastsett skjema om følgjekort. Søknaden skal innehalde passfoto. Ved behov kan det innhentast uttale frå helse- og/eller sosialtenesta om at søkjaren treng følgje.

6. Periode
Rådmannen* vurderer kor lenge kortet skal vare når det blir skrive ut, perioden kan vere tidsavgrensa eller varig. Det skal stå på kortet kor lenge det varer.

* servicetorget.

7. Bruksområde
Følgjekortet gjev tilgang til dei aktivitetar, bygningar og transportmiddel m m som aksepterer ordninga. Det offentleg fastsette symbolet bør setjast opp på stader som aksepterer ordninga. Ordninga er landsdekkjande og kan brukast over kommune- og fylkesgrensene.

8. Klage
Vedtak om å innvilge eller avslå søknad om følgjekort er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Formannskapet er klageorgan.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter