Reglar for å sikre innbyggarane i Gloppen mot legionellasmitte

Fastsette av kommuneoverlegen den 17. august 2005.

I:
Gjeld alle kommunale bygg med dusjanlegg.

  1. Varmtvasstankar skal halde minimum 65 grader celcius. Kontroll og loggføring ein gong pr månad
  2. Minimum 55 grader celcius på tappepunkt (ex. dusj) med gjennomspyling på minimum denne temperaturen i 5 min. Kontroll og loggføring ein gong pr månad
  3. Sjokkoppvarming til 70-80 grader celcius i tanken i 3 dagar kvar 6. månad. Gjennomspyling av tappepunkt med temperatur minimum 65 grader celcius i 5 minutt i samband med dette. Kontroll og loggføring ein gong pr 6 månader
  4. Rensing av dusjhovud kvar 3. månad (fjerning av belegg og evt klorering). Kontroll og loggføring kvar 3. månad.

II:
Teknisk sjef har, i samarbeid med kommuneoverlegen, ansvar for rådgjeving til anlegg der andre er eigarar eller har driftsansvar.

III:
Teknisk sjef har, i samarbeid med kommuneoverlegen, ansvar for å ha oversikt over anlegg i kommunen som forskriftene om vern mot legionellasmitte gjeld for.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter