Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med bemanning gjennom heile døgnet

Fastsett av kommunestyret den 15. juni 2017, sak 35/17.

Forskrifta er heimla i pasient- og brukarrettighetsloven § 2-1e og i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2a.

Kap. I. Virkeområde

§ 1-1. Forskrifta gjeld langtidsopphald i sjukeheim og bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns omsorg.

§ 1-2. I tilknyting til opphaldet skal det vere organisert legeteneste, fysioterapiteneste og sjukepleieteneste i samarbeid med andre deler av den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Kap. II. Formål

§ 2-1. Pasient/brukar har rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester dersom det etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste tilbodet som kan sikre pasient/brukar nødvendig og forsvarleg helse og omsorgstenester.

§ 2-2. Pasient/brukar som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, men som oppfyller kommunen sine vilkår for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2a, har rett til vedtak om dette.

Kap III. Vilkår for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns teneste

§ 3-1. Pasient/brukar må ha eit varig og omfattande pleie- og omsorgsbehov gjennom heile døgnet. Relevante hjelpetiltak i heimen er utprøvd eller er vurdert og funne utilstrekkeleg for at pasient/brukar kan klare seg sjølv eller ha eit verdig liv.

  • Alvorleg somatisk helsesvikt som medfører behov for omfattande medisinsk behandling og pleie
  • Demens sjukdom som medfører at pasient/brukar ikkje kan ta vare på seg sjølv, eller ikkje har pårørande som klarer eller kan å ta dette ansvaret
  • Lindrande omsorg ved livets slutt.

Kap IV. Venteliste

§ 4-1. Pasient/brukar som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, men som oppfyller kriteria for tildeling av langtidsopphald etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2a, vert sett på venteliste.

  • Pasient/brukar skal ha vedtak om at han/ho vert sett på venteliste
  • Dei skal ha informasjon om at det ikkje er ei nummerert venteliste  
  • Ved ledig plass/bustad vurderer kommunen individuelt kven som har størst behov for langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester
  • Vedtaket har klageadgang* etter pasient- og brukerrettighetsloven kap. 7 og etter reglane i forvaltningslova § 28
  • Vedtaket om venteliste er tidsavgrensa til 12 veker.
  • Etter 12 veker skal det gjerast ny vurdering og nytt vedtak.

* Klageorgan er Fylkesmannen, men klagen skal sendast Gloppen kommune.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter