Kommunal forskrift til lov om hundehald

Fastsett av kommunestyret den 23. mars 2015, sak 19/15, med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold § 6 andre ledd.

§ 1 Verkeområde og definisjonar
Der ikkje anna går fram av forskrifta, omfattar denne hundehald i heile Gloppen kommune. Forskrifta kjem i tillegg til lov av 4. juli 2003 nr. 74, og må sjåast i samanheng med denne.


Med bandtvang etter lova er meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2 Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite
I tillegg til den ordinære bandtvangstida i lova § 6 frå 1. april til 20. august, vert bandtvangen i Gloppen kommune utvida til 15. oktober i dei områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter.

§ 3 Unntak
Etter § 9 i lova gjeld lova og forskrifter gjeve med heimel i lova ikkje for:
a.
Hund som vert nytta i reindrift
b.
Dressert gjetarhund for vakting/gjeting av bufe
c.
Tenestehund i aktiv teneste eller under trening
d.
Jakthundar i bruk under jakt eller trening i perioden mellom 20. august og 1. april.
e.
Ettersøkshundar under trening og lovfesta ettersøk på skadeskutt hjortevilt.

Kommunen oppmodar om at jakthundtrening vert rullert på område der det ikkje er beitande husdyr. Jakthundtrening krev løyve frå grunneigar.

§ 4 Straff
Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglane i § 28 i hundelova.

§ 5 Iverksetting
Denne forskrifta trer i kraft straks ho er vedteken* av kommunestyret i Gloppen.

* 23. mars 2015.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter