Reglement for tilskot til politiske parti i Gloppen

Reglementet er vedteke av Gloppen kommunestyre den 25. september 2006.

Gloppen kommune betalar kvart år ut tilskot til dei partia som er representert i kommunestyret etter desse reglane:

  1. Stemmestøtte skal ytast med eit likt beløp pr stemme oppnådd ved siste kommunestyreval. Grunnstøtte skal ytast med eit likt beløp per kommunestyregruppe til dei partia som fekk innvald minst ein representant ved siste kommunestyreval.
  2. Av den samla partistøtta skal 10 % fordelast som grunnstøtte og 90 % som stemmestøtte.
  3. Den årlege ramma for tilskotet blir fastsett av kommunestyret i årsbudsjettet.
   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter