Reglement for ordføraren

Reglementet vart vedteke av kommunestyret den 24. juni 2002, sak 38/02.

I: Omfang og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Ordførarvervet er oppretta i medhald av kommunelova § 9.

§ 1-2 Organisatorisk plassering
Ordføraren er leiar av formannskapet og kommunestyret, og er kommunen sin fremste folkevalde. Han/ho har møte-, tale- og forslagsrett i alle folkevalde organ i Gloppen.

II: Arbeidsområde

§ 2-1 Politisk leiar - folkevalt ombod
Ordføraren er kommunen sin politiske leiar, og har som hovudoppgåve å ivareta innbyggarane i Gloppen kommune og kommunen sine interesser. Ordføraren har eit særskilt ansvar for å skape eit godt samarbeidsklima mellom dei folkevalde i kommunen og mellom dei folkevalde og rådmannen.

Ordføraren set opp møteplan for dei folkevalde organa, og skal godkjenne eventuelle avvik frå denne. Ordføraren set opp - saman med rådmannen - saklistene til formannskapet og kommunestyret, leier møta i desse organa og skriv under møtebøkene.

I saker der det er tvil om kva utval som skal behandle saka, blir dette avgjort av ordføraren.

§ 2-2 Viktige arbeidsområde
Ordføraren skal arbeide aktivt for alle saker som er viktige for Gloppen som lokalsamfunn, og har eit særskilt ansvar for saksområde som kommunen ikkje har som sine primæroppgåver, slik som

  • marknadsføring av kommunen som etableringsområde for busetting og arbeidsplassar
  • veg- og samferdslesaker
  • nærings- og ressurssaker.

§ 2-3 Interkommunalt samarbeid
Ordføraren er kommunen sin representant i Nordfjordrådet, og skal i rådet og elles arbeide for at glopparane sine interesser blir ivaretekne i interkommunale saker.

Ordføraren skal ta initiativ til samarbeid med andre kommunar, fylkeskommunen og andre når samarbeid er nødvendig for å sikre tenestetilbod til glopparane og Gloppen kommune sine interesser.

III: Spesielle funksjonar

§ 3-1 Representasjon m m
Ordføraren* representerer kommunen i alle offisielle samanhengar, og er kommunen sin representant i styre og råd dersom ikkje andre representantar er valde. Ordføraren er kommunen sin offisielle representant ved kontakt med fylkeskommunen og statlege organ og styresmakter.

* Ordføraren sjølv, eller den han/ho peikar ut.

§ 3-2 Rettsleg representant
Ordføraren er kommunen sin rettslege representant etter kommunelova § 9, nr 3, og skriv under på kommunen sine vegne i alle tilfelle der dette myndet ikkje er lagt til andre.

§ 3-3 Hastesaker*
* Oppheva av kommunestyret den 4. november 2002.

§ 3-4 Arbeidsgjevarrepresentant
Ordføraren representerer arbeidsgjevar overfor rådmannen.

IV: Særskilde reglar

§ 4-1 Iverksetting og endring
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato, og kan endrast etter nærare vedtak i kommunestyret.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter