Reglement for hovudutvala

Fastsett av kommunestyret den 30. oktober 2019, i sak 89/19.

I reglementet er rådmannen endra til kommunedirektøren, sjølv om denne endringa ikkje er iverksett.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Hovudutvala er folkevalde organ oppretta i medhald av kommunelova § 5-1.

§ 1-2 Utval, val og samansetting
Gloppen kommune har tre hovudutval:

  • helse- og omsorgsutvalet
  • oppvekstutvalet
  • teknisk, miljø- og kulturutvalet.

I tillegg kjem formannskapet og administrasjonsutvalet som har hovudutvalsfunksjonar etter eigne reglement.

Utvala har sju medlemmer kvar og eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar, valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Utvalsmedlemmene skal hovudsakleg veljast mellom kommunestyret sine medlemmer. Leiar og nestleiar skal veljast av kommunestyret. Minst eitt medlem frå kvart hovudutval skal sitje i formannskapet.

Dersom eit medlem/varamedlem fell frå eller blir løyst frå vervet, skal nytt medlem/varamedlem veljast. Dersom utvalet er samansett etter reglane om høvestalsval, skal utvalet supplerast frå gruppa til den som går ut.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Hovudutvala er direkte underlagde kommunestyret, unnateke i budsjett- og økonomiplansaker, der utvala er underlagde formannskapet som økonomiutval.

Utvala er innstillande organ overfor kommunestyret i alle saker innanfor sine ansvars- og arbeidsområde, der innstillingsretten ikkje er lagt til formannskapet eller kontrollutvalet.

II: Arbeidsområde og fullmakter

§ 2-1 Generelt
Hovudutvala skal jamleg drøfte og ta stilling til saker som har noko å seie for vegval og økonomisk styring, og er innanfor sine ansvarsområde ansvarlege for:

  • samordning, planlegging og tilrettelegging av kommunen sin aktivitet og tenester
  • planfast, rasjonell og økonomisk organisering og drift av tenestene innanfor budsjettet sine rammer og føresetnader
  • nødvendig samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ som har oppgåver/ansvar for å gje tilbod til glopparane.

Utvala har innanfor sine ansvarsområde avgjerdsrett i alle saker som ikkje er lagde til kommunestyret sjølv, formannskapet, administrasjonsutvalet eller kommunedirektøren. Utvala skal føre kontroll med at vedtak innanfor sine ansvarsområde blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda på så tenleg måte som råd.

Fullmakter og arbeidsoppgåver til hovudutvala følgjer elles av kommunen sitt delegeringsreglement, der også oppgåver og mynde etter anna kommunal regelverk er teke med.

§ 2-2 Arbeidsområde for oppvekstutvalet
Oppvekstutvalet har som arbeids- og ansvarsområde kommunen sine tilbod om lovpålagd opplæring, barnehagar, barnevern, helsestasjonsteneste og helseteneste i skular.

§ 2-3 Arbeidsområde for helse- og omsorgsutvalet
Helse- og omsorgsutvalet har som arbeids- og ansvarsområde kommunen sine tilbod om lovpålagde helse-, omsorg- og sosialtenester, unnateke helsestasjonsteneste og helseteneste i skular.

§ 2-4 Arbeidsområde for teknisk, miljø- og kulturutvalet
Teknisk, miljø- og kulturutvalet har som arbeids- og ansvarsområde kommunen sine tekniske tenester, natur- og miljøvern og kultur- og idrettstilbodet.

§ 2-5 Fordeling av saker
Ordføraren avgjer i tvilstilfelle kva utval som skal behandle ei sak. Saker som fell utanfor hvoudutvala sine ansvarsområde, eller som omfattar saksområde til meir enn eitt utval, skal behandlast av formannskapet.

Utvala har elles rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem sitt ansvarsområde, unnateke personalsaker.

III: Spesielle funksjonar og fullmakter

§ 3-1 Felles for hovudutvala
Hovudutvala er styre for dei avdelingane/institusjonane som ligg innanfor sine ansvarsområde.

Utvala kan opprette komitear for løysing av tidsavgrensa oppgåver, og vel kommunen sine representantar til styre og utval innanfor sitt arbeidsområdet viss ikkje oppnemningsretten er lagt til andre organ.

Utvala er underinstans i klagesaker - unnateke klient- og pasientsaker og tilsvarande saker innan oppvekstutvalet sitt ansvarsområde - der administrative vedtak blir påklaga, og klageinstansen er Fylkesmannen.

§ 3-2 Spesielle funksjonar for oppvekstutvalet
Oppvekstutvalet har ingen spesielle funksjonar.

§ 3-3 Spesielle funksjonar for helse- og omsorgsutvalet
Helse- og omsorgsutvalet har desse funksjonane/oppgåvene:

  • styre for August Christian Mohr legat
  • styre for Thorbergsens legat.

§ 3-4 Spesielle funksjonar og fullmakter for teknisk, miljø- og kulturutvalet
Teknisk, miljø- og kulturutvalet har desse funksjonane:

  • styre for Anders Klaussen og Alffrida Egges Minnelegat.

IV: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat

§ 4-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn
Saksbehandlinga i hovudutvala skal følgje reglane i kommunelova kap. 11. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.

§ 4-2 Godtgjersle
Medlemmene i hovudutvala har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.

§ 4-3 Sekretær
Kommunedirektøren, eller den ho/han peikar ut, er sekretær for hovudutvalet, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på hovudutvalet sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at ei sak er forsvarleg greia ut, at det ligg føre tilråding i saka og at hovudutvala sine vedtak blir iverksette.

V: Iverksetting m m

§ 5-1 Iverksetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (30. oktober 2019). Frå same tidspunkt blir hovudutvala sitt reglement som vart vedteke den 19. mars 2012 oppheva.

§ 5-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter