Reglement for formannskapet

Fastsett av kommunestyret den 30. oktober 2019, i sak 89/19.

I reglementet er rådmannen endra til kommunedirektøren, sjølv om denne endringa ikkje er iverksett.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Formannskapet er oppretta i medhald av § 5-6 i kommunelova.

§ 1-2 Val og samansetting
Formannskapet er samansett av 9 medlemmer med eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Valet skjer som høvetalsval dersom minst eitt av medlemmene i kommunestyret krev det. Hovudutvala skal vere representerte i formannskapet.

Dersom eit medlem (utanom ordførar) fell frå eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkommande vararepresentant opp som medlem. Dersom ordføraren permanent går ut, blir det gjort nyval.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Formannskapet er direkte underlagt kommunestyret, og overordna alle andre kommunale organ, unnateke kommunestyret sjølv, i budsjett- og økonomiplansaker og i arealplansaker.

II: Arbeidsområde og fullmakter

§ 2-1 Generelt
Formannskapet er - på kommunestyret sine vegner - innanfor sine ansvarsområde ansvarleg for:

  • samordning, planlegging og tilrettelegging av kommunen sin aktivitet og tenester
  • planfast, rasjonell og økonomisk organisering og drift av tenestene
  • nødvendig samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ som har oppgåver/ansvar for å gje tilbod til glopparane.

Formannskapet har innanfor sitt ansvarsområde avgjerdsrett i alle saker som ikkje er lagde til kommunestyret sjølv eller kommunedirektøren.

Formannskapet skal føre kontroll med at vedtak innanfor sine ansvarsområde blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda på så tenleg måte som råd.

Fullmakter og arbeidsoppgåver til formannskapet følgjer elles av kommunen sitt delegeringsreglement, der også oppgåver og mynde etter anna kommunal regelverk er teke med.

§ 2-2 Arbeidsområde for formannskapet
Formannskapet er kommunen sitt økonomiutval (jf § 2-4) og har elles som arbeidsområde kommunen sine oppgåver i saker som gjeld arealplanlegging (jf § 2-5) og saker som gjeld næring, ressursforvaltning og samferdsel.

Formannskapet er elles kommunen sitt hovudutval i alle saker som fell utanfor hovudutvala sine ansvarsområde og innstiller til kommunestyret i saker som omfattar saksområdet til meir enn eitt av hovudutvala.

Formannskapet kan elles uttale seg i eller ta opp saker som vedkjem sitt ansvarsområde.

§ 2-3 Lovpålagde oppgåver
Formannskapet skal etter § 5-6, siste ledd i kommunelova innstille til kommunestyret i økonomiplansaker som følgjer av § 14-3, tredje ledd i kommunelova og til skattevedtak.

§ 2-4 Formannskapet sine oppgåver som økonomiutval
I tillegg til dei lovpålagde økonomiplansakene i § 2-3 har formannskapet som økonomiutval innstillingsretten til kommunestyret i saker som gjeld:

  1. endringar i investeringsdelen og finansieringsdelen av årsbudsjettet og økonomiplanen
  2. opptak av lån, inngåing av avtalar om leasing og vedtak om kommunale garantiar
  3. kjøp og sal av eigedom, unnateke tomter i kommunale bustadfelt
  4. avtalar om langsiktig leige og utleige av eigedom og lokale
  5. budsjettendringar som går utover dei fullmaktene som hovudutvala har
  6. økonomireglementet.

§ 2-5 Formannskapet sine oppgåver i plan- og arealsaker
Formannskapet er kommunen sitt planutval og behandlar arealsakene og arealplansakene i samsvar med fullmaktene i delegeringsreglementet.

§ 2-6 Spesielle funksjonar og fullmakter
Formannskapet har fullmakt til å godkjenne eller å forkaste A-rundskriv frå KS som gjeld hovudtariffoppgjeret og generelle mellomoppgjer.

Formannskapet er elles valstyre etter § 4-1 vallova, saman med gruppeleiarane i dei partia i kommunestyret som ikkje er representerte i formannskapet.

Formannskapet kan opprette komitear for løysing av tidsavgrensa oppgåver og vel kommunen sine representantar til styre og utval innanfor sitt arbeidsområde viss ikkje oppnemningsretten er lagt til andre organ.

III: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat

§ 3-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn
Saksbehandlinga i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kap. 11. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.

§ 3-2 Godtgjersle
Medlemmene i formannskapet har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.

§ 3-3 Sekretær
Kommunedirektøren er sekretær for formannskapet, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på formannskapet sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at ei sak er forsvarleg greia ut, at det ligg føre tilråding i saka og at formannskapet sine vedtak blir iverksette.

IV: Iverksetting m m

§ 4-1 Iverksetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (30. oktober 2019). Frå same tidspunkt blir formannskapet sitt reglement som vart vedteke den 19. mars 2012 oppheva.

§ 4-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter