Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og dekking av økonomisk tap

Fastsett av Gloppen kommunestyre den 23.09.2020 med heimel i lov 22. juni 2018 om kommunar og fylkeskommunar §§ 8-3, 8-4, 8-6, 8-10 m.v.

§ 1 Formål og omfang

Forskrifta skal legge til rette for brei rekruttering til kommunale tillitsverv gjennom økonomiske ordningar som gjer det muleg for alle å delta i lokalpolitikken.

Forskrifta gjeld for folkevalde ombod i kommunale organ oppretta i medhald av kommunelova eller særlov.
Forskrifta gjeld i tillegg til kommunale møte også for representasjon i styre og råd og på møte og konferansar, dersom møteorganisasjonen sjølv ikkje betalar godtgjersle.

§ 2 Fast årleg godtgjersle

  • a) Ordførar:
    Godtgjersle tilsvarande 85 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle.
    Godtgjersla dekker alle gjeremål som fell på ordførarvervet. 
  • b) Varaordførar:
    Godtgjersle tilsvarande 10 % av ordføraren si godtgjersle. 
  • c) Dei andre medlemmane i formannskapet og leiarane i hovudutvala: 
    Godtgjersle tilsvarande 4 % av ordføraren si godtgjersle.  

§ 3 Variabel møtegodtgjersle 

Den variable møtegodtgjersla utgjer per møte 1 promille av ordføraren si godtgjersle. Leiarar i utval som ikkje har fast møtegodtgjersle, får utbetalt per møte 1,5 promille av ordføraren si godtgjersle. I utval der leiar eller andre medlemmer også har sekretæransvaret, blir det utbetalt ytterlegare 1,5 promille for denne funksjonen. Det blir ikkje betalt møtegodtgjersle for meir enn eitt møte per dag.
Medlemmane i ungdomsrådet får kr 100,- i møtegodtgjersle per møte
Folkevalde som mottar fast årleg godtgjersle, får ikkje møtegodtgjersle i det utvalet som den faste godtgjersla er knytt til. Formannskapsmedlemmene og leiarane i hovudutvala får ikkje møtegodtgjersle for møte i kommunestyret. 

§ 4 Utgiftsdekning 

  • a) Tapt arbeidsforteneste 
    Folkevalde som har tapt arbeidsforteneste for å delta på kommunale møte og andre møte med rett til godtgjersle får dekka tapet etter desse reglane: 
    • a) Ulegitimert tap: kr 221,60 per time, maksimum kr 2.214,10 per dag, inkludert feriepengar.
      Dei som kan sannsynleggjere at tapet er vesentleg større enn kr 221,60 per time, får dekka tapt arbeidsforteneste etter pkt. b. 
    • b) Med legitimasjon (trekk i lønn): Inntil kr 2.214,10 per døgn, inkludert feriepengar.  
       

Satsane blir regulert kvart år tilsvarande auken i avlønninga for assistent i topplønn i det kommunale lønnsregulativet. Reguleringa skjer i ettertid og blir gjort frå 1. januar kvart år. 
(Siste regulering er gjort 1. januar 2021, då satsane vart auka med 0,35 %)

  • b) Skyss og kostgodtgjersle 
    Folkevalde har rett på skyss- og kostgodtgjersle etter kommunen sitt reiseregulativ. 
  • c) Pass av barn 
    Kommunen dekkjer utgifter til pass av barn i samband med kommunale møte etter satsane i § 4, punkt a.

§ 5 Ettergodtgjersle

Ordføraren får ettergodtgjersle i tre månader når ho/han fråtrer vervet. Dersom ordføraren kan gå av med pensjon etter avslutta teneste får ho/han ettergodtgjersle i 1 ½ månad. 
Rett til ettergodtgjersle vert avkorta mot annan inntekt etter reglane i kommunelova  § 8-6, andre og tredje ledd. 
Ordførar som ikkje tek attval, og som har permisjon frå fast arbeid får ikkje ettergodtgjersle. 

§ 6 Utbetaling

Møtegodtgjersle blir som hovudregel utbetalt automatisk. Tapt arbeidsforteneste, utgiftsdekning og møtegodtgjersle for deltaking i konferansar og anna der kommunen ikkje fører møtebok, blir utbetalt etter rekning. 

§ 7 Pensjonsordning 

Ordførar skal meldast inn i kommunen si tenestepensjonsordning. 

§ 8 Rett til sjukepengar

Ordførar har same krav på sjukepengar som tilsette i Gloppen kommune.  

§ 9 Rettar ved yrkesskade 

Ordførar skal meldast inn i kommunen si yrkesskadeforsikring og eventuelle andre tilleggsforsikringar som gjev tilsett i kommunen rett til ytingar ved yrkesskade. 

§ 10 Permisjonar 

Ordførar har etter søknad rett til permisjon i samsvar med arbeidsmiljølova §§ 12-1 til 12-10, 12-12 og 12-15. Søknad om permisjon vert avgjort av formannskapet. 

§ 11 Tolking av reglementet

Formannskapet tolkar reglementet og tar stilling til tvilstilfelle. 

§ 12 Verknadstidspunkt

Forskrifta trer i kraft 23.09.2020.
 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter