1. Bakgrunn
Midlane på fondet kjem frå Thorbergens legat, som vart oppretta av Brita Egge Thorbergsen og Hans Thorbergsen i 1967. Legatet er lagt ned, og midlane er no eit bunde kommunalt fond, som helse- og omsorgsutvalet disponerer. Saldo på fondet går fram av kommunerekneskapen, og er ved årsskiftet 2018/2019 kr 182.444,67.
2. Bruk av midlane
Thorbergsens legat vart oppretta for å gje tilskot til uføre barn og ungdom frå gardane Egge, Gåsemyr og Strand i Gloppen og Klakegg i Jølster. Søknader frå nokon som bur i Breim og på Klakegg skal derfor prioriterast.
Sidan målgruppa i dei gamle statuttane for legatet ikkje lenger er så stor, kan midlane frå fondet brukast til alle føremål som er til hjelp for vanskelegstilte barn og unge i Gloppen.
Midlane skal ikkje erstatte løyvingar og tenester som søkjar har rett til frå det offentlege.
3. Utlysing og vedtak
Helse- og omsorgsutvalet avgjer søknadene om tilskot frå fondet. Som hovudregel skal det kunngjerast på Gloppen kommune si heimeside og i Firda Tidend at det kan søkjast om tilskot frå fondet. Søknadsfrist er 1. oktober kvart år.
Maksimal årleg tildeling frå fondet er kr 30.000,-.
Helse- og omsorgsutvalet sine tildelingsvedtak kan ikkje påklagast.