Retningslinjer for "Årets gloppar"

Fastsette av kommunestyret den 13. februar 2020, i sak 9/20.

Frå same dato er retningslinjer for eldsjelprisen "Årets gloppar" vedtekne av kommunestyret den 16. juni 2014 oppheva.

Om prisen

1. Gloppen kommune deler ut prisen «Årets gloppar» kvart år, så framt vi har kvalifiserte kandidatar.

Formål og målgruppe

2. Prisen har som formål å heidre ekstraordinær innsats som byggjer opp under Gloppen kommune sine felles verdiar, mål og visjonar for framtida. Prisen skal i tillegg vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre.

3. Årets gloppar er ein person som har utmerka seg i positiv forstand i heile Gloppen, eller i eitt eller fleire av lokalsamfunna våre, spesielt gjennom det siste året. Gjennom sin innsats har vedkomande bidrege til å bygge opp under våre felles verdiar, mål og/eller visjonar.

4. Prisen kan delast ut til einskildpersonar med tilknyting til Gloppen. Prisen kan ikkje delast ut til tilsette i offentleg sektor som har ytt denne innsatsen gjennom sitt virke.

Kunngjering og tildeling

5. Prisen vert kunngjort årleg med ein høveleg frist for å foreslå kandidatar. Alle som ønskjer står fritt til å nominere kandidatar, men ein kan ikkje nominere seg sjølv.

6. Formannskapet administerer prisen, og avgjer om prisen skal delast ut, kven som skal få han og kvifor. Formannskapet er ikkje bunde av innkomne forslag.

7. Føreslegne kandidatar skal ikkje offentleggjerast.

8. Vinnaren av prisen vert offentleggjort, får tildelt diplom eller tilsvarande, og ei høveleg gåve.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter