Politivedtekter for Gloppen kommune

Politivedtektene vart vedtekne av kommunestyret den 19. juni 2019.

Vedtektene er ei lokal forskrift, men omgrepet "vedtekt" blir likevel brukt når det gjeld denne type regelverk, jfr direktoratet si normalvedtekt.

Kapittel 1. Almenne føresegner

§1- 1. Offentleg stad

Med offentleg stad er meint gate, veg, fortau, sti, medrekna gang- og sykkelveg, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel. 

§ 1-2 . Ansvar og plikter for festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Dei plikter som er lagt på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leigar eller styrer eigedomen.

Kapittel 2. Orden på offentleg stad

§ 2-1. Ro og orden på offentleg stad

På eller like ved offentleg stad må ingen vere med i oppløp, samanstimling, larm eller bråk som forstyrrar den allmenne orden eller ferdsel.

Den som ferdast på eller like ved offentleg stad pliktar å halde nattero mellom kl. 23.00 og kl. 06.00. 

Dersom mange menneske samlar seg ved inngangen til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass e.l. , skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å halde ved lag den allmenne orden eller regulere ferdsla. 

§ 2-2. Køyring, camping mv i parkar, grønt areal, friområde o.l. 

I offentlege parkar, grønt areal, friområde, på, ved eller under vegar eller plassar i tettbygd strøk er telting, camping e.l. forbode, med mindre anna kjem fram av skiltinga på staden. 

I offentlege parkar, grøntareal og friområde er det forbode å køyre og parkere motorkøyretøy, med mindre anna går fram av skiltinga på staden.

§ 2- 3 . Framsyningar og andre publikumsretta aktivitetar

Den som på eller ut mot offentlig stad vil opptre eller utføre andre publikumsretta aktivitetar, må på førehand gje melding til politiet, uavhengig av om aktivitetane skjer ved bruk av høgtalar o.l. 

Det same gjeldeden som på eller i nærleiken av offentleg stad ynskjer å bruke gåande, køyrande eller flygande reklame. 

§ 2- 4 . Farleg eller skremmande verksemd 

På, ut over eller like ved offentleg stad er det forbode:

  1. å skyte med gevær eller anna skytevåpen, under dette Paintball, softgun, boge, sprettert o.l. 
  2. å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoff utan at politiet har gjeve løyve. Det er ikkje eit slikt krav om løyve for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl 18.00 til 1. januar kl. 02.00.
  3. å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der. 

Kapittel 3. Sikring av ferdsla

§ 3 - 1. Hindringar 

På eller ut over offentleg stad er det forbode å plassere eller montere noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla eller som hindrar fri sikt til trafikkskilt o.l. 

Markiser eller anna som henger ut over fortau, skal på det lågaste vere minst 2,5 meter over bakken. 

§ 3-2. Dyr 

Det er forbode å la husdyr gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn. 

§ 3-3.  Aktivitetar

Politiet kan forby alle formar for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad når dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den alminnelege orden. 

§ 3-4. Ferdsel på islagt vatn eller sjø 

Politiet kan av tryggleiksgrunnar forby eller gje regulerande føresegner for ferdsla på islagt vatn eller sjø. 

§ 3-5. Sperring av offentleg stad 

Krev byggjearbeid e.l. at fortau, gate, veg eller ein annan offentleg stad blir heilt eller delvis sperra for eit avgrensa tidsrom, skal det på førehand søkjast løyve frå politiet, som kan setje nærare vilkår. 

§ 3-6. Byggjeverksemd mv 

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggleikstiltak til vern for publikum.

§ 3-7. Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby særlege tryggleikstiltak. 

§ 3-8. Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet med ein gong å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der. 

§ 3-9. Fare for ras frå tak

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentlig stad, skal eigaren straks setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at ferdsla er forbunde med fare eller ulempe, og snarast syte for at taket blir rydda. 

§ 3-10. Fjerning av sperrar

Avsperringar , avvisarar og liknande innretningar skal fjernast når det arbeid som er nemnt
i 55 3- 6, 3-7 0g 3-8 er utført, eller faren eller ulempa som er nemnt i § 3- 9 ikkje lenger er til stades.

Kapittel 4 . Reinhald på offentleg stad

§ 4 - 1. Reingjering av lys- og luftegraver 4

Eigar av hus eller grunn motoffentleg stad pliktar halde reint lys- og luftegraver som er knytt til eigedomen .
Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogleg ulempe. Kloakksluk må ved reinhald ikkje tilførast oppsop eller liknande.

§ 4 - 2. Rydding av snø etter takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar etter ras frå tak å rydde fortauet utanfor eigendomen for snø og is.

§ 4- 3 . Avlaup for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgje for at avlaup for vatn i fortau, rennest ein, grøft e.l. blir halde open.


Kapittel 5 . Hindre forsøpling og tilgrising

§ 5- 1. Hindre forsøpling og tilgrising

På, ut over eller i beinveges nærleik til offentleg stad er det forbode:
1. å kaste avfall, under dette plast , glas, flasker , spikar , papir , tyggegummi og plast ,tobakksprodukt.

2. å grise til med måling, tusj , spray produkt e.l. på overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg , park, anlegg, innretningar og transportmiddel.

3.  å henge opp kunngjeringar , plakatar e.l. , utan tillating frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l. som er godkjent av kommunen til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om forhold som berre gjeld eigendommen eller næringsverksemd til dei som disponerer eigendomen.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4. å urinere utandørs i tett bygd strok eller på stader der det kan verke sjenerande på andre.


§ 5- 2. Rydding ved kiosksal, arrangement o.l.

Den som driv med sal frå kiosk, uteservering, gatesal eller anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal sørgje for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å sørgje for at det blir sett opp tilstrekkeleg tal med korger for avfall. Rett etter stengjetid pliktar verksemda å rydde området og fjerne avfall som skuldast aktivitetar frå verksemda.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal sørgje for at papir og anna avfall vert fjerna etter arrangementet.


Kapittel 6 . Offentlege anlegg

§ 6-1. Kyrkjegard og gravplass

På kyrkjegard og gravplass er det forbode å sykle, ake, drive sport , leik eller anna som ikkje sømer seg der.
Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.


Kapittel 7 . Arrangement på offentleg stad

§ 7-1. Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, og som har ein storleik som vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dett e innan ein frist som politiet set.

Politiloven § 11 gjeld tilsvarande.


§ 7-2. Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement

Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må i god tid forut for arrangementet sende melding til politiet , når arten eller storleiken på arrangementet gjer det sannsynleg at politioppsyn blir naudsynt av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken. Dette gjeld også når arrangementet ikkje skjer på offentleg stad.

Meldeplikta gjeld og samankomst eller tilstelling som hovudsakleg er av selskapeleg eller
underhaldande art for medlem av ei foreining e .l. samanslutning.

Politiloven § 11 gjelder tilsvarande.


§ 7-3 . Offentleg arrangement som barn har tilgang til

Barn under 15 år har ikkje tilgang til offentleg allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er i
følgje med foreldre eller andre føresette.

Politiet kan gje dispensasjon ved tilstellingar som arrangerast spesielt for barn og unge under 18 år.


Kapittel 8. Ymse føresegner

§ 8-1. Forsøming av plikt 7

Forsømer nokon å ut føre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller pålegg gjeve med heimel i denne, kan politiet la det ut førast på vedkomandes kostnad.


§ 8-2. Straff

Brot på føresegner gjevne i vedtekta eller pålegg gitt i medhald av vedtekta, straffast etter politilova § 30 nr . 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under eit strengare straffepåbod.


§ 8-3 . Kommunal handheving

Kommunen kan handheve følgjande føresegner tatt inn i normalpolitivedtekta:
§ 3-1 Hindringar (kommunal handheving etter denne paragraf er avgrensa til gjenstandar e.l. på eller utover fortau)
§ 3-9 Fare for ras frå tak
§ 3- 10 Fjerning av sperrer når arbeidet er ferdig/ faren er over
§ 4 - 1 Reingjering av lys- og luftegraver
§ 4 -2 Rydding av snø etter ras frå tak
§ 4 -3 Avlaup for vatn
§ 5-1 Hindre forsøpling og tilgrising
§ 5-2 Rydding ved kiosksal, arrangement o.l.


Kan handhevast av Gloppen kommune med heimel i forskrift av 19. juni 2012 nr. 600 om kommunal handheving av politivedtekter, j f. politiloven § 14 tredje ledd. Gloppen kommune kan ved brot på desse føresegnene også ilegge gebyr for brotet.


§ 8-4. Iverksetjing

Denne vedtekt trer i kraft 1 månad etter at den er stadfesta av Politidirektoratet.

Frå same tid opphevast forskrift av 12. mai 1967 nr . 457 1, om politivedtekt for Gloppen kommune, Vestland fylke.

Vedtekta vil bli tatt inn i Norsk Lovtidend, avd. II.
Kopi av dette brevet er sendt Fylkesmannen i Vest land og Vest politidistrikt til underretning.
 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter