Kommunedirektøren sitt planforum - samansetting og mandat

Kommunedirektøren sitt planforum er oppretta av rådmannen 4. november 2015.

Namnet på planforumet vart endra frå "Kommunalt planforum" til "Rådmannen sitt planforum" den 26. juli 2019, og vidare til "Kommunedirektøren sitt planforum" den 23. mars 2020.

Samansetting, mandat og forankring er sist oppdatert i samband med møte i rådmannen sin leiargruppe den 12. november 2019.

I: Samansetting

Kommunedirektøren sitt planforum er sett sett saman av
- Beate Kornberg (fagleiar for plan og utgreiing), leiar 
- Birte Kjørvik Fossheim (rådgjevar i plan og utgreiing), sekretær
- Åslaug Haugset (rådgjevar og folkehelsekoordinator i plan og utgreiing)
- Bjørn Aurlien (avd.ing i plan og byggesak)
- Torbjørn Brandsæter (rådgjevar i plan og byggesak)
- Knut Roger Nesdal (næringssjef)
- Liv Jorun Andenes (kultursjef)
- Kjell Petter Solhaug (teknisk sjef)
- Roger Aa Djupvik frå Gloppen næringsorganisasjon
Andre sektor- og einingsleiarar blir kalla inn der det er aktuelt for saka.

II: Mandat

  • Skal ha fokus på heilskap i overordna og sektorovergripande planarbeid
  • Har ansvar for å praktisk planlegge og sette i gang gode planprosessar, og vere ei ressursgruppe for kommunedirektøren, sektorleiarar og politikarar i dette arbeidet
  • Sørgje for framdrift i arbeidet med å følgje opp vedteken planstrategi, og ha oversikt over vedtekne kommunale planar og tid for rullering
  • Legge til rette for god medverknad frå innbyggarar, lag og organisasjonar, ulike brukargrupper og næringsliv
  • Sørgje for at det vert teke tilstrekkeleg omsyn til helse, miljø og trivsel i overordna planlegging
  • Informasjon – skal i samarbeid med ansvarleg for kommunen si nettside halde innbyggarane orienterte om planprosessane, og korleis dei kan medverke i arbeidet
  • Skal ha oversikt over og foreslå plansamarbeid med andre kommunar der det er tenleg.

III Forankring

  • Plangruppa rapporterer til kommunedirektøren si leiargruppe om framdrift, status i arbeidet, avvik, økonomi m.m.
  • Plan- og utviklingsarbeid skal vere tema på kommunedirektøren sitt leiarmøte minst ein gong i månaden. Leiar i plangruppa deltek fast, og andre i planforum ved behov
  • Det skal etablerast eigne arbeidsgrupper med ansvar for den einskilde planprosess og planutarbeiding. Arbeidsgruppene rapporterer til kommunedirektøren sitt planforum.
  • Det er ønskjeleg at utviklingslaga, Gloppen næringsorganisasjon og dei kommunale råda fungerer som referansegruppe i planarbeidet.
   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter