Forskrift om internkontroll i Gloppen kommune

Forskrifta vart fastsett av kommunestyret den 31. januar 1994 i medhald av sentral forskrift om internkontroll, § 6, fastsett ved kgl.res. 22. mars 1991.

Det er fastsett ny sentral forskrift om internkontroll.

(Etter det kommunal ordningsprinsippet for regelverk er dette ikkje ei "forskrift" men eit "reglement")

§ 1 Formål
Forskrifta skal legge til rette for gjennomføring av tiltak innanfor helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet (HMS) og ressursforvaltninga i Gloppen kommune.

§ 2 Ansvarsplassering
Alle tilsette i Gloppen kommune har medansvar for å følgje opp alle sider av kommunen sitt internkontrollsystem innanfor sine arbeidsområde/arbeidsplassar. Ansvarsplassering på alle nivå er den same som alt er definert i det eksisterande regelverket og som då også vedkjem internkontrollen, jfr §§ 5 og 6 i denne forskrifta.

§ 3 Generelt om internkontroll
Kartlegging av arbeidsmiljøet/vernerunder skal skje i samsvar med skjema "Gloppen kommune - kartlegging av arbeidsmiljø". HMS-faktorar skal takast omsyn til i all verksemd der kommunen er involvert og i alt kommunalt plan- og regelverk etterkvart som dette blir endra eller nylaga.

§ 4 Tidsfristar
Tidsfristar for gjennomføringa av tiltak går fram av aktuelle regelverk og handlingsprogram.

§ 5 Helse-, miljø-, tryggleik (HMS)
Tilvising til mest sentrale regelverk:

  1. Handlingsplan for arbeidsmiljøarbeid i Gloppen kommune
  2. Arbeidsreglement for Gloppen kommune
  3. Personalpolitiske retningslinjer for Gloppen kommune, særleg §§ 12 og 13
  4. Helseføresegner for Gloppen herad
  5. Politivedtekt for Gloppen kommune
  6. Brannordning for Gloppen kommune
  7. Gjeldande stillingsinstruksar

§ 6 Ressursforvaltning
Tilvising til mest sentrale regelverk:

  1. Lokale retningslinjer for budsjett og rekneskapsføring
  2. Delegasjonsreglement for Gloppen kommune
  3. Lønns- og personalarbeid (eige dokument)
  4. Reglement for kjøp og sal av kommunalt eige
  5. Gjeldande stillingsinstruksar

§ 7 Handlingsprogram
Gjennom kartlegging, medarbeidarsamtalar, oppfølging og registrering skal kvar etat lage handlingsprogram i samsvar med reglane som gjeld for dette. Handlingsprogramma skal vere ein integrert del av etaten og kommunen sin årlege budsjettprosess.

§ 8 Evaluering
Denne forskrifta blir evaluert kvart 2. år, første gong i 1996.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter