Reglement for formannskapet i Gloppen (utgått)

Fastsett av kommunestyret den 19. mars 2012, sak 16/12 i medhald av kommunelova § 8.

Sist endra av kommunestyret den 26. september 2016 i sak 81/16.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Formannskapet er oppretta i medhald av kommunelova § 8.

§ 1-2 Val og samansetting
Formannskapet er samansett av 9 medlemmer med eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Valet skjer som høvetalsval dersom minst eitt av medlemmene i kommunestyret krev det. Leiarane i hovudutvala skal sitje i formannskapet.

Dersom eit medlem (utanom ordførar) fell frå eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkommande vararepresentant opp som medlem. Dersom ordføraren permanent går ut, blir det gjort nyval.

Medlemmene i kommunen sitt valstyre skal veljast mellom medlemmene i formannskapet.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Formannskapet er direkte underlagt kommunestyret, og overordna alle andre kommunale organ, unnateke kommunestyret sjølv, i budsjett- og økonomiplansaker og i kommuneplansaker.

II: Arbeidsområde og fullmakter

§ 2-1 Generelt
Formannskapet er - på kommunestyret sine vegner - innanfor sine ansvarsområde ansvarleg for:

  • samordning, planlegging og tilrettelegging av kommunen sin aktivitet og tenester
  • planfast, rasjonell og økonomisk organisering og drift av tenestene
  • nødvendig samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ som har oppgåver/ansvar for å gje tilbod til glopparane.

Formannskapet har innanfor sitt ansvarsområde avgjerdsrett i alle saker som ikkje er lagde til kommunestyret sjølv eller rådmannen.

Formannskapet skal føre kontroll med at vedtak innanfor sine ansvarsområde blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda på så tenleg måte som råd.

Fullmakter og arbeidsoppgåver til formannskapet som direkte følgjer av anna kommunalt regelverk, kjem i tillegg til dette reglementet.

§ 2-2 Arbeidsområde for formannskapet
Formannskapet er kommunen sitt økonomiutval (jf § 2-3) og har elles som arbeidsområde kommunen sine oppgåver i desse sakene:

  1. Saker som gjeld kommuneplanen (jf § 2-4)
  2. Saker som gjeld næring, ressursforvaltning og samferdsel
  3. Saker etter vassressurslova
  4. Løyvesaker etter alkohollova.

Formannskapet er elles kommunen sitt hovudutval i alle saker som fell utanfor hovudutvala sine ansvarsområde og innstiller til kommunestyret i saker som omfattar saksområdet til meir enn eitt av hovudutvala.

Formannskapet kan elles uttale seg i eller ta opp saker som vedkjem sitt ansvarsområde.

§ 2-3 Lovpålagde oppgåver
Formannskapet skal etter § 8, nr 3 i kommunelova behandle framlegg til årsbudsjett, økonomiplan og skattevedtak, og etter § 48, nr 3 i kommunelova gje innstilling til kommunestyret i saka om årsrekneskapen.

§ 2-4 Formannskapet sine oppgåver som økonomiutval (1)
I tillegg til dei lovpålagde sakene etter §§ 8, nr 3 og 48, nr 3 i kommunelova, har formannskapet som økonomiutval innstillingsretten til kommunestyret i saker som gjeld:

  1. endringar i investeringsdelen og finansieringsdelen av årsbudsjettet og økonomiplanen
  2. opptak av lån, inngåing av avtalar om leasing og vedtak om kommunale garantiar
  3. kjøp og sal av eigedom, unnateke tomter i kommunale bustadfelt
  4. avtalar om langsiktig leige og utleige av eigedom og lokale
  5. budsjettendringar som går utover dei fullmaktene som hovudutvala har
  6. økonomireglementet.

I arbeidet med årsbudsjettet og økonomiplanen tiltrer gruppeleiarane i dei partia som ikkje er representerte i formannskapet utvalet med tale- og forslagsrett. I slike saker fungerer det utvida formannskapet som eit finansutval.

(1) Endra av kommunestyret den 26. september 2016.

§ 2-5 Formannskapet sine oppgåver etter plan- og bygningslova (plansaker)
Formannskapet har desse fullmaktene etter plan- og bygningslova:

  1. legge forslag til kommuneplan ut til offentleg gjennomsyn og innstille til kommunestyret etter høyring (§ 11-14)
  2. vedta mindre endring av kommuneplan (§ 11-17)
  3. vedta oppstart av kommunalt reguleringsarbeid (§ 12-8)
  4. behandle saker om konsekvensutgreiing etter § 14
  5. vedta utbyggingsavtale (§ 17-4)
  6. vedta dispensasjon frå forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag (§ 1-8), og frå kommuneplan (§ 19-2).

§ 2-6 Spesielle funksjonar og fullmakter
Formannskapet har fullmakt til å gjere endeleg vedtak i desse sakene:

  1. Utvida mynde i hastesaker etter § 13 i kommunelova
  2. Klageorgan for alle saker som ikkje ved lov er lagt til andre etter forvaltningslova § 28
  3. Kommunalt kontrollutval etter forskrift gjeve i medhald av § 1-9 i alkohollova
  4. Kome med framlegg til skjønnsmenn frå Gloppen kommune etter § 14 i skjønnsprosesslova
  5. Avgjere søknader om fritak frå verv ved domstolane og frå verv som skjønnsmenn i valperioden. Fullmakta gjeld også mynde til å gjere nyval
  6. Gje innstilling til kommunestyret i årsmeldingssaka etter § 10 i forskrift om årsrekneskap og årsmelding for kommunar og fylkeskommunar
  7. Godkjenne eller å forkaste A-rundskriv frå Kommunenes Sentralforbund som gjeld hovudtariffoppgjeret og generelle mellomoppgjer.

Formannskapet kan opprette komitear for løysing av tidsavgrensa oppgåver og vel kommunen sine representantar til styre og utval innanfor sitt arbeidsområde viss ikkje oppnemningsretten er lagt til andre organ.

III: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat

§ 3-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn
Saksbehandlinga i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kap. 6. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.

§ 3-2 Godtgjersle
Medlemmene i formannskapet har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.

§ 3-3 Sekretær
Rådmannen er sekretær for formannskapet, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på formannskapet sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia, at det ligg føre tilråding i saka og at formannskapet sine vedtak blir iverksette.

IV: Iverksetting m m

§ 4-1 Iversetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (19. mars 2012). Frå same tidspunkt blir formannskapet sitt reglement som vart vedteke den 24. juni 2002 oppheva.

§ 4-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter